Dette emnet er nedlagt

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet gjev ei grundig innføring i korleis den historiske dimensjonen i namnestoffet kan utnyttast, med særleg vekt på kjeldekritikk, namnevitskapleg metode og datering.

Hovudvekta ligg på studiet av dei store gardsnamnklassane og eldre personnamn gjennom ei språkleg, kronologisk og geografisk tilnærming.

Innanfor emnet skal kvar student velje eit spesialområde til fordjuping.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • kjenne til og nytte kjeldene til eldre norske personnamn og bustadnamn
  • gjere greie for dei viktigaste norske bustadnamntypane med omsyn til tyding, alder og utbreiing
  • gjere greie for korleis norske namn er bygde opp og kva som skil dei frå andre ord
  • gjere greie for utviklinga av nordiske personnamnskikkar
  • gjere greie for faghistoria og for teori og metode i nordisk person- og stadnamngransking

Innanfor det valde spesialområdet skal studentane ha god oversikt over den viktigaste nordiske faglitteraturen og kunne analysere eit tematisk, geografisk eller historisk avgrensa namnemateriale.

Endeleg karakter syner i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisinga og melda seg til eksamen i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot NAVN2161 – Namn i historisk perspektiv (nedlagt)

Undervisning

28 timar seminarundervisning. Undervisninga er felles med NAVN2161 – Namn i historisk perspektiv (nedlagt).

Ei skriftlig kvalifiseringsoppgåve på ca. 20 000 teikn (ca. 10 sider) skal vere godkjend av faglærar før eksamen.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei munnleg prøve i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av faglærar og oppnemnd sensor.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva er på norsk. Du kan svare på norsk, svensk eller dansk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Eksamen

Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)