Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Hovudsiktemålet med emnet er å gi studentane utvida kunnskapar om dei nordiske språka. I arbeidet med emnet skal studentane også lese og lytte til kortare tekstprøver og arbeide språkleg med tekstane, for på den måten å bli kjende med både lydlege, grammatiske og leksikalske særdrag ved dei ulike språka. Det vil også bli arbeidd praktisk med uttale av øynordiske språk, spesielt islandsk.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for viktige skilnader mellom alle nordiske språk
  • lese og omsetje kjende og ukjende tekstar på dansk og svensk
  • gi språklege kommentarar til tekstar på alle nordiske språk
  • kjenne til hovuddraga i uttalen på islandsk og færøysk
  • vurdere føremoner og ulemper med å bruke skandinaviske språk som grannespråk og som felles kommunikasjonsmedium for heile Norden

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

NOR1100 - Norsk grammatikk

Overlappande emne

10 studiepoeng mot NOR4116 - Nordiske språk i jamføring

Undervisning

Det blir gitt 28 timar seminarundervisning. Ei kvalifiseringsoppgåve på ca. 10.000 teikn utan mellomrom (4-5 sider) skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet/kvalifiseringsoppgåve er gyldig dei to neste semestra emnet blir gitt.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva må vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Sjå meir om dette under 'Undervisning'.

Eksamen er ei munnleg prøve i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Alle obligatoriske innleveringsoppgåver skal leverast saman med obligatorisk erklæring som vedkjem fusk

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Kvar haust
Eksamen
Kvar haust
Undervisningsspråk
Norsk