NOR1100 – Norsk grammatikk

Kort om emnet

Emnet tek føre seg hovuddraga i norsk grammatikk: fonologi, morfologi og syntaks. På emnet vert norsk grammatikk i nokon mon jamført med andre nordiske språk.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for det norske lydsystemet og reglane for korleis lydar vert kombinerte i norsk
  • gjere greie for korleis norske ord er bygde opp, og korleis dei blir bøygde
  • gjere greie for korleis norske setningar og frasar er bygde opp, og kva som kjenneteiknar dei ulike setningsledda
  • gjere greie for viktige drag ved andre nordiske språk

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Ein føresetnad for dette kurset er at du meistrar dei gjeldande skriftspråksnormalane i bokmål og nynorsk. Om du ikkje kjenner deg heilt trygg i nynorsk, vil vi rå deg til å arbeide med det.

Fine hjelpemiddel finn du til dømes på nettstaden til Språkrådet : http://offentlegrom.sprakradet.no/

Undervisning

28 timar førelesingar og 28 timar gruppeundervisning.

Det er påkravd å møte opp til minimum 70% av gruppeundervisninga. Dette vil seie at du kan vere borte maksimalt totalt åtte timar (altså fire av fjorten gonger) frå gruppeundervisinga kvar semester. Denne tillate fråveresgrensa er absolutt, og dekkjer eventuell sjukdom. Du vil ikkje få godkjent meir fråvær  ved framvising av legeerklæring.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei mappe med skriftlege heimearbeid. Alle arbeida må leverast. Minst eitt av arbeida skal vere på på nynorsk, og minst eitt på bokmål; nærmare presisering av krav til målform finn du i eksamensoppgåva. Kravet om begge målformene er uavhengig av eventuelle tidlegare fritak.

Studentane vil få tilbod om tilbakemelding på delar av heimearbeida i mappa i løpet av semesteret. Heimearbeida kan omarbeidast fram til endeleg innlevering.

Mappa vert vurdert samla og får karakter ved enden av semesteret.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 24. mai 2024 11:27:33

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår og haust
Eksamen
Vår, Haust
Undervisningsspråk
Norsk