NOR4100 – Vitskapsteori og metode i nordisk, særleg norsk, språkvitskap
Kort om emnet
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- gjere greie for sentrale forskingstradisjonar innan nordisk språkvitskap og norsk som andrespråk
- drøfte korleis desse tradisjonane er forma av ulike vitskapsfilosofiske og metodologiske synsmåtar
- gjere greie for vitskapsomgrepet og korleis språkvitskapen høyrer inn under det
- kunne arbeide vitskapleg med eit utval språklege og metodiske problemstillingar
Opptak til emnet
For å få opptak til dette emnet må du vere tatt opp som programstudent på eit av desse studieprogramma:
- Nordiske studier (master)
- Lektorprogrammet (master), masterspesialisering nordisk
Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisinga og melda seg til eksamen i Studentweb.
Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.
Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.
Undervisning
To timar forelesning/seminar i veka i 14 veker, i alt 28 timar.
Ei obligatorisk oppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Den obligatoriske oppgåva er berre gyldig det semesteret den vert godkjend.
Eksamen
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.