NOR4100 – Vitskapsteori i nordisk, særleg norsk, språkvitskap

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet tek føre seg vitskapsteoretiske, idéhistoriske ,faghistoriske og faglege grunnspørsmål i språkvitskap, med særskild vekt på nordisk, særleg norsk språkvitskap.

Pensumomfang: 700-800 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for nokre sentrale forskingstradisjonar
  • gjere greie for korleis desse tradisjonane skil seg på sentrale punkt
  • gjere greie for korleis desse tradisjonane er forma av ulike vitskapsfilosofiske synsmåtar
  • gjere greie for vitskapsomgrepet og korleis språkvitskapen hører inn under det
  • kunne arbeide vitskapleg med språklege problemstillingar generelt

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisinga og melda seg til eksamen i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.

Undervisning

2 timar forelesning i veka i 15 veker, inkludert leseveke, i alt 28 timar. Ei munnleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23.000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett dato i slutten av semesteret. Oppgåva blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Eksamen på dette emnet er digital og vil foregå i eksamenssystemet Inspera. Følg med på semestersiden (Timeplan, pensum og eksamensdato) for mer informasjon.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Periodisk emnerapport høst 2013

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.