Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Nyare syntaktisk og morfologisk teori brukt på moderne norsk språk, med eit kontrastivt perspektiv til dei andre nordiske språka. Innanfor emnet skal kvar student velje eit spesialområde til fordjuping. Emnet finst også i en 10-poengsversjon med kode NOR4112 – Syntaks og morfologi i nordiske språk, med mindre pensum.

Pensumomfang: 1200-1400 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Emnet gir innsikt i nyare grammatisk teori og øving i grammatisk analyse, og dermed ei djupare forståing av strukturen i dei nordiske språka. Studentane skal få forståing av kva slags kunnskap morsmålet representerer, og av tilhøvet mellom språkkjensla hos den enkelte, faktisk språkbruk og språknormene i samfunnet. Innanfor det valde spesialområdet skal studentane ha særleg grundige kunnskapar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

NOR1100 – Norsk grammatikk eller tilsvarande kunnskapar.

Anbefalte forkunnskapar

Lingvistikkvarianten av examen facultatum er ein føremon.

Undervisning

Seminarundervisning med 2 timar i veka i 15 veker, inkludert leseveker. Minst ei mindre kvalifiseringsoppgåve, skriftleg eller munnleg, skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei 30 minutts prøveførelesing over emne som blir gjeve 5 verkedagar før ho skal haldast.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåvene skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål) eller eit anna skandinavisk språk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
20
Undervisning
Kvar vår
Eksamen
Kvar vår
Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)