Kort om emnet

Emnet tek føre seg hovuddraga i norsk grammatikk: fonologi, morfologi og syntaks. På emnet vert norsk grammatikk i nokon mon jamført med svensk og dansk.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for det norske lydsystemet og reglane for korleis lydar vert kombinerte i norsk
  • gjere greie for korleis norske ord er bygde opp, og korleis dei blir bøygde
  • gjere greie for korleis norske setningar og frasar er bygde opp, og kva som kjenneteiknar dei ulike setningsledda
  • gjere greie for viktige drag ved dansk og svensk språk

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Ein føresetnad for dette kurset er at du meistrar dei gjeldande skriftspråksnormalane i bokmål og nynorsk. Om du ikkje kjenner deg heilt trygg i nynorsk, vil vi rå deg til å arbeide med det.
Fine hjelpemiddel finn du til dømes på nettstaden til Språkrådet : http://offentlegrom.sprakradet.no/

Undervisning

28 timar førelesingar og 24 timar gruppeundervisning.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei mappe med tre skriftlege heimearbeid. Alle tre arbeida må leverast, og kvart arbeid skal vere på om lag tre sider (à 2300 teikn utan mellomrom). Minst eitt av arbeida skal vere på på nynorsk, og minst eitt på bokmål; nærmare presisering av krav til målform finn du i eksamensoppgåva. Kravet om begge målformene er uavhengig av eventuelle tidlegare fritak.

For å få tilbakemelding på dei to fyrste heimearbeida i mappa må dei leverast innan oppgjevne tidsfristar (sjå informasjon i Canvas). Den tredje og siste oppgåva skal leverast inn saman med dei to fyrste oppgåvene til fastsett dato for innlevering (sjå tid og stad for eksamen på emnesida). Ein kan omarbeide dei to fyrste oppgåvene fram til endeleg innlevering.

Mappa vert vurdert samla og får karakter ved enden av semesteret.

 

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Periodisk emnerapport vår 2013
Periodisk emnerapport vår 2011
Periodisk emnerapport vår 2008

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Vår og haust

Eksamen

Vår og haust

Undervisningsspråk

Norsk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)