NOR4311 – Nordisk, særleg norsk, barne- og ungdomslitteratur 4

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet omfattar eit representativt utval tekstar frå norsk, til dels også nordisk og annan barne- og ungdomslitteratur. Det omfattar også eit fordjupingsstudium innanfor eit nærare definert område. Teoridelen viser eigenarten til barne- og ungdomslitteraturen, både historisk, estetisk og kommunikativt. Fordjupingsstudiet for hausten 2006 vert "Den moderne norske (nordiske) biletboka for barn (ca. 1980 fram til i dag)".

Pensumomfang: 20-22 verk frå barne- og ungdomslitteraturen. 5-7 av verka skal vere knytte til særstudiet. I tillegg legg studentane opp teori og sekundærlitteratur, tilsaman ca 400 sider. Framlegg til pensum finn ein på semestersida for kvart semester.

Kva lærer du?

Emnet gir inngåande kjennskap til viktige sider ved norsk, til dels også annan nordisk og utanom-nordisk barne- og ungdomslitteraturtradisjon. Studentane får også spesialkompetanse knytt til eit barnelitterært fordjupingsemne og øving i å analysere barne- og ungdomsbøker både generelt og innanfor eit avgrensa felt.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Opptak til mastergraden i Litteraturprogrammet, studieretning for allmenn litteraturvitskap eller nordisk litteraturvitskap. Kan også takast som del av masterstudiet i Lektor- og adjunktprogrammet, retning for nordisk, særlig norsk, språk og litteraturvitskap og retning for litteraturdidaktikk.

Undervisning

Seminar med 2 undervisningstimar per veke og innlagde leseveker, i alt 15 veker. Undervisninga er felles med NOR4310 (10 sp). I tillegg kjem eit 8-timars helgeseminar på Norsk Barnebokinstitutt, knytt til særstudiet. Studentane legg fram minst éi kortare øvingsoppgåve (ca 5 sider - 12 000 teikn), skriftleg eller munnleg, undervegs i seminaret. Oppgåva/oppgåvene må vere godkjende av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Undervisningen er lukket og forbeholdt studenter med opptak på emnet.

Eksamen

Eksamen består av ei prøveforelesing på 30 minutt. Emnet for forelesinga blir gitt individuelt 9 verkedagar før ho skal haldast i slutten av semesteret. Målform: bokmål eller nynorsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
20
Undervisning
Kvar haust
Eksamen
Kvar haust
Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)