FRA4520 – Fransk kulturkunnskap leseemne
Kort om emnet
Kva lærer du?
Når du har fullført dette emnet, kan du:
- gjere grundig reie for eit emne i fransk områdekunnskap og arbeide systematisk med ei sjølvvalt problemstilling
- gjennomføre ein kritisk analyse på grunnlag av forskningslitteratur og/eller viktig kjeldemateriale
- formulere ei presis problemstilling og finne relevant sekundærlitteratur
- tenkje kritisk rundt det valde temaet og argumentere logisk for hypotesane dine
- nytte og vise til faglitteratur på rett måte
- uttrykke deg variert på fransk skriftleg og munnleg med rett bruk av faguttrykk
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.
Emnet krev opptak til masterprogrammet i Europeiske språk, studieretning fransk, Lektorprogrammet med masterspesialisering i fransk, eller Profesjonsrettet master med integrert praktisk-pedagogisk utdanning (fransk).
Leseemne har manuelt opptak. Ver vennleg og kontakt instituttet.
Opptak til leseemne blir gitt dersom ordinært emnetilbod ikkje er tilstrekkeleg, eller om ein av andre årsaker har eit særskild behov for eit slikt emne i graden. Opptak avheng òg av tilgjengelege ressursar for rettleiing.
Når du har fått opptak til emnet, kontaktar du faglæraren sjølv. Dette bør du gjere tidleg i semesteret.
Merk deg at du ikkje kan ha meir enn 20 studiepoeng rettleidd lesing i ein mastergrad frå Det humanistiske fakultet.
Undervisning
Emnet er eit sjølvstudium med veiledning og har ikkje ordinær undervising. Når du har fått opptak til emnet, kontaktar du sjølv faglærar. Saman med faglærar skal du avtale pensum og problemstilling for semesteroppgåva, og faglærar skal godkjenne oppgåvetittel.
Obligatorisk aktivitet:
- Du skal motta rettleiing i oppgåveskriving og tilbakemelding på utkast til semesteroppgåva.
Eksamen
Du må ha godkjent obligatorisk aktivitet før eksamen.
Eksamensforma er ei semesteroppgåve på om lag 10 normalsider (à 2300 teikn utan mellomrom).
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Frist for innlevering ligg i Studentweb.
Eksamensspråk
Karakterskala
Høve til ny eller utsett eksamen
Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i bearbeida form.
Dersom du ønskjer å ta eksamen på nytt, må du skrive ny semesteroppgåve med nytt tema.
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.