FRA4520 – Fransk kulturkunnskap leseemne

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet er eit sjølvstudium i samråd med ein faglærar. Emnet byggjer på eit pensum på tre-fire verk (800-1000 sider) som er sett opp i samråd med ein faglærar. Emnet skal ikkje ha noka tilknyting til masteroppgåva. Dersom emnet ligg tematisk nær eit 2000-emne som studenten har teke, skal det vere ei fordjuping eller ei kronologisk utviding, og det skal ikkje byggje på pensumlitteratur som vart brukt på det lågare nivået. Eit utval av primærkjelder kan vere ein del av pensum.

Kva lærer du?

Når du har fullført dette emnet, kan du:

  • gjere grundig reie for eit emne i fransk områdekunnskap og arbeide systematisk med ei sjølvvalt problemstilling
  • gjennomføre ein kritisk analyse på grunnlag av forskningslitteratur og/eller viktig kjeldemateriale
  • formulere ei presis problemstilling og finne relevant sekundærlitteratur
  • tenkje kritisk rundt det valde temaet og argumentere logisk for hypotesane dine
  • nytte og vise til faglitteratur på rett måte
  • uttrykke deg variert på fransk skriftleg og munnleg med rett bruk av faguttrykk

Opptak til emnet

Emnet krev opptak til masterstudiet i fransk eller eit anna relevant masterprogram.

Leseemne har manuelt opptak. Ver vennleg og kontakt instituttet.

Opptak til leseemne blir gitt dersom ordinært emnetilbod ikkje er tilstrekkeleg, eller om ein av andre årsaker har eit særskild behov for eit slikt emne i graden. Opptak avheng òg av tilgjengelege ressursar for rettleiing.

Når du har fått opptak til emnet, kontaktar du faglæraren sjølv. Dette bør du gjere tidleg i semesteret.

Merk deg at du ikkje kan ha meir enn 20 studiepoeng rettleidd lesing i ein mastergrad frå Humanistisk fakultet.

Undervisning

Emnet er eit sjølvstudium med veiledning og har ikkje ordinær undervising. Når du har fått opptak til emnet, kontaktar du sjølv faglærar. Saman med faglærar skal du avtale pensum og problemstilling for semesteroppgåva, og faglærar skal godkjenne oppgåvetittel.

Obligatorisk aktivitet:

  • Du skal motta rettleiing i oppgåveskriving og tilbakemelding på utkast til semesteroppgåva.

Eksamen

Du må ha godkjent obligatorisk aktivitet før eksamen.

Eksamensforma er ei semesteroppgåve på om lag 10 normalsider (à 2300 teikn utan mellomrom).

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Frist for innlevering ligg i Studentweb.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Høve til ny eller utsett eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i bearbeida form. 

Dersom du ønskjer å ta eksamen på nytt, må du skrive ny semesteroppgåve med nytt tema.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen, brukar du eit eksamensforsøk.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 28. mars 2024 22:21:03

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår, Haust
Eksamen
Vår, Haust
Undervisningsspråk
Fransk