Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Oppøving i lytteforståing av audio- og viedeoregistrerte tekstar. Diskusjonar av utdrag frå samtidige tekstar (litterære og frå aviser, o.l.); konversasjon, skildringar av situasjonar, miljø og personar; munnlege presentasjonar av ymse slag.

Kva lærer du?

Betring av dugleiken i dei fire språklege aktivitetane med mest vekt på forståing og produksjon av tale. Skriftleg forståing og produksjon er støtteaktivitetar og vert ikkje vurdert.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Studentar med italiensk som morsmål har ikkje høve til å ta dette emnet.

Anbefalte forkunnskapar

ITA0101 – Innføring i italiensk 1 (nedlagt) og ITA0102 – Innføring i italiensk 2 (nedlagt) eller tilsvarande førekunnskapar.

Overlappande emne

5 studiepoeng overlapp mot ITA1110R – Sommerkurs i italiensk språk og kultur i Roma

Det blir en reduksjon av 5 studiepoeng dersom studenten tar ITA1110R.

Undervisning

Kurset går i 14 veker, fordelt på 1 dobbelttime i veka.

Det er obligatorisk deltaking (minst 70%) i undervisninga. Studentane må òg få godkjent eit rollespel over eit valt tema på 5 minutt i fyrste halvdel av kurset for å kunne ta avsluttende munnleg eksamen.

Eksamen

Studenten må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet før han eller ho kan framstille seg til eksamen.

Eksamensforma på emnet er ein munnleg eksamen som skal vere ein presentasjon, vald mellom fleire, som er førebudd av studenten. Han vert vurdert av lærar og ein intern sensor.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter siste munnleg eksamen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

F.o.m. hausten 2006 vert emnet lagt ned og delvis erstatta av ITA1100 – Praktisk italiensk.

Eksamen
Vår 2006
Undervisningsspråk

Italiensk