Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet omfattar oppøving i lytteforståing av audio- og videoregistrerte tekstar, diskusjonar av utdrag frå samtidige tekstar (litterære og frå aviser, o.l.) og konversasjon.

Emnet kan vere eit godt utgangspunkt for studentar som vil styrkje dei grunnleggjande italienskkunnskapane sine både munnleg og skriftleg. Emnet er ikkje eit begynnaremne i italiensk og skal helst takast parallelt med ITA1101 – Italiensk språk.

Kva lærer du?

Etter fullført emne:

  • kan du forstå italiensk og uttrykkje deg både skriftleg og munnleg på eit vidaregående nivå.
  • kan du skrive enkle tekstar på italiensk av ulike slag, til dømes kan du skildre menneske, ting og hendingar, og du kan skrive samandrag av tekstar.
  • kan du fortelje munnleg om menneske, ting, hendingar og situasjonar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

For å fylgje seminarundervisning, må du ha undervisningsopptak til emnet.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Undervisninga forutset at du har minst nivå II (eller tilsvarande) fra videregående skule, ITA1000 eller ITA0100 – Innføring i italiensk (nedlagt) (eventuelt ITA0101 – Innføring i italiensk 1 (nedlagt) og ITA0102 – Innføring i italiensk 2 (nedlagt)), eller tilsvarande forkunnskapar.

Overlappande emne

Emnet kan overlappe med nedlagte emne og gamle studieeiningar av typen semesteremne, grunnfag og mellomfag. Du må sjølv sørgje for at innhaldet i emnet ikkje overlappar med studieeiningar du har oppnådd studiepoeng for tidlegare. Ta evt. kontakt med instituttet ved spørsmål.

Undervisning

Undervisninga vert gitt som seminar med 4 timar i 12 veker. Studenten må vere førebudd på å arbeide minimum 10 timer i veka med emnet utanom sjølve undervisninga.

Det er krav om obligatorisk aktivitet på emnet: Studenten må møte til undervisninga minst 16 av 24 gongar og halde eit munnleg innlegg på 10 minutt. Aktivitetane må vere godkjent av faglæraren før eksamen.

Godkjend aktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.

Les her om regler for gyldig forfall og hvordan du søker om gyldig fravær eller utsettelse.

Eksamen

Du må ha godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet (sjå over) før eksamen.

Eksamensforma i emnet er ein skuleeksamen på 4 timar.

Tidlegare eksamensoppgåver finn du her

Digital skuleeksamen

Skuleeksamen gjerast i det digitale eksamenssystemet Inspera. Du må gjere deg kjend med gjennomføringa av digital eksamen i Inspera.

Les meir om digital skuleeksamen.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Hjelpemiddel

Studentane har høve til å bruke eittspråkleg italiensk ordbok under eksamen. Du har sjølv ansvar for å ta ordboka med til eksamen.

Eksamensspråk

Du skal svare på eksamen på italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar vår

Eksamen

Kvar vår

Undervisningsspråk

Italiensk