OD8012 – Kjernepensum del 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet kjernepensum del 2 blir avhalde annankvar vår (oddetalsår). Emnet består av 6 ulike kurs og er obligatorisk for alle kandidatar, uansett fagretning. Ein følgjer kursa i emnet den våren dei blir haldne.

Kva lærer du?

Målsetjinga med emnet er å gi kandidatane forståing for dei ulike fagfelta, slik at dei kan vurdere fagartiklar kritisk og planleggja eit forskingsprosjekt.

Innhald:

1. Oral biologi:

Oral Biology (in english)

Læringsmål

Sjå lenkja ovanfor.

2. Perspektiver på oral helse og etikk:

Kurset har som mål å gi ei brei forståing av oral helse og dens betydning i dagleglivet, for generell helse og livskvalitet. Kurset består av 4 tema fordelte på 6 forelesningar: Del 1 og 2: Ei traumemedviten tilnærming til odontologisk behandling. Del 3: Korleis kan mikrofloraen i munnhòla spreiast systemisk, og kva sjukdommar er slik spreiing assosierte med? Del 4 og 5: Oral moral. Etiske utfordringar i tannhelsetenesta. Del 6: Tannimplantatar - i gode og vonde dagar.

Sjå nærmare beskriving av forelesninganes innhald.

Læringsmål

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar om

  • handtering av feil og skade
  • yrkesetiske vurderinger (er det annleis som spesialist?)
  • grunnleggjande forståing innan fagområdet biomedisinsk etikk, pasientautonomi og kva som er pasientens beste på kort og lang sikt.
  • etiske vurderingar i forhold til ulike typar typer behandlingsval for pasientar.

3. Forskingsprosjekt ved fakultet:

Forskningspresentasjoner

Læringsmål

Sjå lenkja ovanfor.

4. Genetikk:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar om

  • embryonal utvikling og kva betydning gjellebuer og utviklinga av desse har på sjukdommar og utviklingsforstyrringar munn/ansikt/tenner.
  • kreftgenetikk som døme på kva genetikk er, om DNA/kromosomer, regulering og sjukdomsutvikling.
  • sjeldne medisinske tilstandar og utviklingsforstyrringar i orale vev.
  • moglegheiter som ligg i genetisk testing i nåtid og framtid.
  • stamcellers funksjonar i utvikling og korleis stamceller kan utnyttast i moderne medisin.

5. Kraniofacial utviklingsbiologi:

Kraniofacial utviklingsbiologiCranio-facial Developmental Biology (in English)

Læringsmål

Sjå lenkja ovanfor.

6. Psykiatri:

Psykiatri

Læringsmål

Sjå lenkja ovanfor.

Opptak til emnet

Kandidatar med opptak til spesialistprogrammet i odontologi.

Undervisning

Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Arbeidsform: Forelesningar, seminar, gruppeundervisning og kurs. Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer nødvendig etterarbeid.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Oral biologi: Heimeeksamen.

Deltaking i undervisninga i øvrige kurs gir bestått emne.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 15:18:58

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
12
Undervisning
Vår
Eksamen
Vår
Undervisningsspråk
Norsk