OD8340 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 4
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Kva lærer du?
I dette semesteret blir det halde fram med kliniske og teoretiske seminar, og dessutan pasientbehandling. Det blir halde fram med litteraturseminar om biomekanikk og diverse behandlingsmetodar for ulike malokklusjoner. Spesialistkandidatane deltek i planlegginga og gjennomføringa av kjeveortopedisk undervisning for tannpleiarstudentar, tannlegestudentar og tannlegar.
LæringsmålFor kandidatar som tek emnet i 2. semester:
I tillegg til læringsmåla frå emnet OD8310 skal kandidaten etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskap og ferdigheiter til å
- søkje litteratur om bestemte emne
- lage tematiske samandrag og leggje dei fram i presentasjonar for dei andre kandidatane og lærarane
For kandidatar som tek emnet i 4. semester:
I tillegg til læringsmåla frå emnet OD8330 skal kandidaten etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar til å
- sjølvstendig kunne vurdere behovet for kjeveortopedisk behandling
og ferdigheiter til å
- sjølvstendig kunne diagnostisere, lage behandlingsplan og utføre kjeveortopedisk behandling på pasient
Opptak til emnet
Obligatoriske forkunnskapar
Undervisning
Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?
Gruppeundervisning: teoretiske og kliniske seminar, klinisk praksis og eventuelt gjesteforelesingar. Kandidatane skal presentere utvalde artiklar for dei andre kandidatane og instruktørane.
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.
Obligatorisk arbeidskravKvar teoretiske seminarrekkje blir avslutta med ei prøve som vurderast med bestått/ikkje bestått. Det er obligatorisk å bestå alle prøvene før slutteksamen i 6. semester.
For kandidatar som gjennomfører emnet i 4. semester blir det halde ei progresjonsevaluering med ekstern sensor (midtveisevaluering). Kandidatane skal presentere 10 kasus som mest sannsynleg kan ferdigbehandlast og leggjast fram til avsluttande eksamen.
Kandidaten skal gjennom studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar som føregår på Avdeling for kjeveortopedi, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.
Alle kurs og seminar er obligatoriske. Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.