OD8450 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 5

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for oral kirurgi og oral medisin i 5. semester.

Emnet er obligatorisk.

Kva lærer du?

Emnet skal halde fram spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin. I dette semesteret vil ein vektleggje premedikasjon ved kirurgiske inngrep, generell anestesi og klinisk farmakologi.

Kandidatane deltek ved lystgasskurs når dette går, og dei hospiterer i generell anestesi.

Læringsmål

KUNNSKAPAR

  • kan klinisk farmakologi, bruk og biverknader
  • kan verknadsmekanismar for premedisinering
  • kan verknadsmekanismar for lystgassanalgesi
  • kan verknadsmekanismar for generell anestesi
  • kan vurdere pasientars generelle helse for kirurgiske inngrep
  • kan teoretisk grunnlag for tracheotomier

FERDIGHEITER

  • kan behandle pasientar med komplisert allmennmedisinsk bakgrunn og er i stand til å diagnostisere orale manifestasjonar av ulike generelle sjukdommar
  • kan evaluere pasientars helse inkludert multimedikasjon
  • kan diagnostisere og behandle medisinske akuttsituasjonar ved odontologisk behandling
  • kan føreskrive og trygt administrere alle medikament som er aktuelle innan odontologi
  • kan greie ut og behandle pasientar med ulike typar allergiar
  • kan generelle medisinske tilstandars betydning for oral helse
  • kan orale forholds betydning for generell medisinsk helse
  • kan utføre oralmedisinske og oralkirurgiske undersøkingar sjølvstendig
  • kan utføre dentoalveolære kirurgiske inngrep sjølvstendig
  • kan setje venflon og intubere pasientar i samband med generell anestesi
  • kan overvake og administrere lystgassanalgesi
  • kan rettleie mastergradsstudentar i odontologi
  • kan rettleie andre spesialistkandidatar innan emne i oral kirurgi og oral medisin

GENERELL KOMPETANSE

  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre helsepersonell om oralkirurgiske problemstillingar
  • kan samarbeide med andre spesialitetar (teamarbeid)
  • kan presentere fagfeltet for andre personellgrupper og publikum
  • kan gi råd/rettleiing til kolleger innan fagområdet oral kirurgi og oral medisin
  • kan gi klinisk rettleiing til studentar og spesialistkandidatar i oral kirurgi og oral medisin

Opptak til emnet

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i oral kirurgi og oral medisin. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på emna OD8410 - OD8440 ved spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin.

Undervisning

Forelesingar, seminar og rettleidd klinisk oral kirurgisk og oralmedisinsk undersøking og behandling på IKO, UiO og Oslo Universitetssjukehus (Rikshospitalet og Ullevål). Randteneste i medisinske fag ved sjukehus kan variere når det gjeld tidspunkt i utdanninga.

Kurs i lysgassanalgesi. Særskild emnebeskriving for dette ved UiO.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Detaljert timeplan blir utarbeidd før kvart semester for heile semesteret og for kvar enkelt veke.

Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal i studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar.

Det er arbeidskrav for emnet i form av presentasjonar av kasus og obligatoriske kliniske kurs, seminar og forelesingar.

Det er krav om 90 % deltaking ved rettleidd oralkirurgisk klinikk.

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 10. semester.

Eksamensspråk

Eksamens- og arbeidskrav skal leverast på norsk eller skandinavisk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 16. okt. 2026 17:16:12

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
30
Undervisning
Haust
Undervisningsspråk
Norsk