OD8550 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 5

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for oral protetikk .

Emnet er obligatorisk.

Avdelingsbaserte kurs og seminar følgjer ein 3-årig syklus. Dette betyr at ein i kurs- og seminarporteføljen kan starte i det andre eller tredje året av syklusen, men at ein over ein 3-års periode vil ha fullført alle kurs og seminar i porteføljen.

Kva lærer du?

Hovudformålet er å gi spesialistkandidatar den teoretiske kunnskapen og dei kliniske ferdigheitene som trengst i rolla som spesialist i oral protetikk.

Spesialistkandidatane blir kontinuerleg tildelt pasientbehandling, og fordeling skjer etter kandidatens kompetansenivå.

Dei ulike pasientkasusa skal gje kandidaten moglegheit til å kunne oppnå læringsmåla.

Læringsmål

Spesialistutdanninga i oral protetikk skal kvalifisere kandidaten til å:

  • kunne gi råd til utøvaren innan tannhelsetenesta vedbørene protetisk og bittfunksjonell behandling
  • behandle særleg vanskelege kasus og lede samarbeidet mellom nødvendige spesialistar og allmenntannleger i rehabilitering av pasientar med omfattande og kompliserte behandlingsbehov
  • kunne drive kursverksamheit overfor omverda på etterutdanningsnivå for tannlegar og annet tannhelsepersonell
  • holde faget oral protetikk i hevd blant kollegaer ved kontinuerleg å utvikle og fornye sitt faglege nivå
  • handtere funksjonelle, fonetiske, estetiske og psykologiske problem i forbindelse med oral protetisk behandling
  • kunne utføre inngåande diagnostikk av omfattande og sjeldan førekommande defekttilstander, samt planlegging av protetisk behandling av slike tilstander.
  • kunne gi behandling med alle tilgjengelege protetiske materialar og metodar, inklusive ulike implantatsystem

Opptak til emnet

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i oral protetikk. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå 2. studieår ved spesialistutdanninga i oral protetikk.

Det forventast ut over normalt gode kunnskapar om odontologi generelt og oral protetikk spesielt.

Undervisning

  • Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?
  • Arbeidsform: Seminar, gruppeundervisning, kurs og klinisk praksis
  • Det er forventa at studentane førebur seg grundig til undervisninga og gjer det etterarbeidet som er naudsynt

Obligatorisk arbeidskrav

  • Ha undersøkt minimum 80 pasientar
  • Ha påbegynt behandling av minimum 80 pasientar

Kandidaten skal gjennom studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlegestudentar.

All undervisning er obligatorisk. Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 16. okt. 2026 17:16:24

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
30
Undervisning
Haust
Undervisningsspråk
Norsk