OD8650 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 5
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for pedodonti.
Emnet er obligatorisk.
Avdelingsbaserte kurs og seminar følgjer ein 3-årig syklus. Dette betyr at kurs- og seminarporteføljen kan starte i det andre eller tredje året av syklusen, men at ein over ein 3-års periode vil ha fullført alle kurs og seminar i porteføljen.
Kva lærer du?
Hovudmålet er å gi spesialistkandidatar kunnskapar og ferdigheiter som er nødvendig for å kunne praktisere som spesialist i pedodonti. Spesialistar i pedodonti skal kunne ta hand om orale helseproblem i aldersgruppa 0-18 år som særleg kompliserte eller sjeldne pedodontiske kasus som blir vist frå tannlegar, pediatriske og barnepsykiatriske klinikkar eller andre instansar.
Spesialistkandidaten skal under rettleiing undersøkje, stille diagnose, utarbeide behandlingsplan på kort og lang sikt og behandle utvalde pasientar med spesielle pedodontiske og pediatriske problem, inklusive pasientar som har behov for behandling under sedasjon og generell anestesi.
I dette semesteret er tema oral medisin, oral kirurgi, oral radiologi og periodontale sjukdommar i fokus.
Læringsmål
KUNNSKAPAR OG FERDIGHEITER
Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg
- kunnskap om oralmedisinske og periodontale tilstandar hos barn og unge
- kunnskap om og kunne gjennomføre undersøking, diagnostikk og behandlingsplanlegging hos pasientar for oralmedisinske tilstander
- kunnskap om og kunne gjennomføre enkle typar dentoalveolær kirurgi hos barn og unge
- god kunnskap om oral patologi relatert til barn og unge
- god kunnskap om oral radiologi, undersøking, ulike typar røntgenundersøking, diagnostikk og strålehygiene
Opptak til emnet
Obligatoriske forkunnskapar
Undervisning
Undervisninga går føre seg som kliniske seminar, teoretiske seminar, gruppeundervisning, arbeidskurs og klinisk praksis.
Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.
Den kliniske utdanninga inneber pasientbehandling både ved Avdeling for pedodonti og åtferdsfag og i Den offentlege tannhelsetenesta og dessutan ved TAKO-senteret, og skal gå føre seg kontinuerleg i alle tre studieår. I tillegg inngår klinisk rettleiing av studentar og teneste ved spesialinstitusjon eller hos spesialist.
Obligatorisk arbeidskrav
Kandidaten skal gjennom studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar som føregår på avdelinga, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.
Alle kurs og seminar er obligatoriske. Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.