OD8730 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 3
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for periodonti. Emnet er obligatorisk.
Avdelingsbaserte kurs og seminar følgjer ein 3-årig syklus. Dette betyr at ein i kurs- og seminarporteføljen kan starte i det andre eller tredje året av syklusen, men at ein over ein 3-års periode vil ha fullført alle kurs og seminar i porteføljen. For studentar som ikkje byrjar på den 3-årige syklusen frå start, blir det kvar sommar gjennomført eit introduksjonskurs av ei vekes varigheit.
Opptak til emnet
Obligatoriske forkunnskapar
Undervisning
Kliniske seminar, litteraturseminar, gruppeundervisning, arbeidskurs og klinisk praksis.
Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.
Obligatorisk arbeidskrav
2-3 tester blir halde i kvar modul, og dessutan ei prøve i gjennomgått litteratur kvart semester. Testane og prøva vurderast med bestått/ikkje bestått.
Kandidaten skal gjennom studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.
Alle kurs og seminar er obligatoriske. Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.
Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.