User Researcher

Jeanette Jansen jobbar i Telenor.

Jeanette Jansen anbefaler alle studentar å seie ja til høva som byr seg, sjølv om det ikkje er betalt. Ho fikk arbeid i Telenor med ein gong hun var ferdig å studere etter å ha hatt ein sommarjobb der.

– Rettleiaren min på SAI vart kontakta av Telenor Digital som var på utkik etter nokon som kunne vera interessert i å søkja ein sommarjobb hos dei, noko eg gjorde. Eg vart innkalla til intervju, og der måtte eg blant anna fortelja om feltarbeida eg har vore på, og korleis eg såg for meg at bakgrunnen min som antropolog kunne brukast i jobben som User Researcher. Under jobbintervjuet fekk eg i oppgåve å intervjua ei dame om matvanane hennar. Dette var ein test for å sjå om eg meistra intervjuteknikkar som å stilla opne spørsmål og å skapa ein god samtale med personen eg intervjua.

I sosialantropologi lærar man mykje om å intervjue menneskje, men mange tenker ikkje på at dette kan brukast i bedrifter som Telenor.

– Nokre dagar etter intervjuet vart eg tilbode sommarjobb som User Researcher i Dipper, som er eit selskap eigd av Telenor, saman med ein av dei andre kandidatane. Vi arbeidde masse gjennom heile sommaren med å utføra intervju og analysera dei dataa vi samla inn. Då det nærma seg slutten på sommarjobben, vart eg såg tilboden fast stilling i Telenor Digital fordi dei var nøgde med den jobben eg hadde gjort over sommaren.

Brukar antropologi

Hovudoppgåva hennar er å syne perspektivet til kundane. Ho intervjuar kundar og dataa ho samlar inn, kan brukast til å forbetra eksisterande produkt eller utvikla nye.

Det er spesielt når eg skal samla inn data at eg verkeleg får brukt antropologien i jobben min. Det å planleggja eit prosjekt, laga intervjuguide, finna deltakarar og bruka ulike kvalitative metodar, er ein god styrke vi har med oss frå å ha studert antropologi.

– Når eg samlar inn data, får eg høve til å prata med menneske som brukar produkta våre eller som er potensielle kundar. Eg brukar antropologiske metodar for å bli kjent med dei og freistar å setja meg inn i deira ståstad. Vi er heldige som har med oss så mykje metode i bagasjen når vi er ferdige sosialantropologar. Når vi jobbar med analyse, er det òg svært nyttig at eg kjem frå eit fag der vi er vande til å sjå ting frå mange ulike perspektiv.

Korleis er det å vera antropolog i Telenor, som har flest tilsette med teknologisk eller økonomisk bakgrunn?

– Spesielt dei første månadene var det utfordrande å jobba saman med mange som har så ulik bakgrunn frå min eigen. Det var frustrerande å sitja i møte og ikkje forstå forkortingane dei brukte eller at diskusjonane omhandla tema der eg ikkje opplevde å kunna bidra. Eg merkar, etter nesten eit halvt år i jobben, at språket mange nyttar, no er lettare for meg å forstå, og eg forstår den tekniske sida betre og betre. Når det er sagt, så veit og forstår dei aller fleste der eg jobbar, kva eg kan og gjer i jobben som User Researcher. Heilt frå starten så opplevde eg at personar på mange ulike nivå i organisasjonen sette pris på den jobben vi gjer, og dei ser fordelane med å jobba med eit blikk på kva kundane faktisk ynskjer.

Si ja!

Hennar viktigaste råd til studentar som skal ut på jobbjakt er å si ja!

– Sei ja til dei høva som byr seg! Eg hadde gledd meg til litt fri etter å ha fullført masteroppgåva, men er utruleg glad for at eg valde å ta sjansen på at denne jobben kunne gje meg ein god start på arbeidslivet.

Det var tøft å gå frå munnleg eksamen den eine dagen og starta i jobb i full tid den neste, men ein kan ikkje velja når eit godt høve kjem! Internships er ikkje alltid godt betalte, men det kan vera verdt det for ein kortare periode dersom du får relevant arbeidsrøynsle.

Jeanette meiner det er viktig å skaffe seg så mykje praktisk røynsle som mogleg. Sjølv reiste ho på så mykje feltarbeid som mogleg i studiet og ho valde å ta delar av studiet i København for å få meir metodisk øving i praksis.

– Undersøk korleis du kan få praktisk røynsle gjennom valfag, jobb eller frivillig arbeid slik at du kan visa til ein arbeidsgjevar at du kan utføra intervju og deltakarobservasjon, og meistrar å utføra analyse av data. Det er ikkje berre innan antropologi ein finn fag som gjev deg høve til å dra på feltarbeid eller utføra intervju, så bruk god tid på å lesa fagskildringane når du skal velja 40-gruppe, valfag eller ta eit kurs på sommarskule.

Ho anbefaler å også ta andre fag, som statistikk, teknikk, IT, design og økonomi, viss man er interessert i å jobbe i selskap som Telenor.  

Publisert 31. jan. 2018 12:51 - Sist endret 13. sep. 2018 11:25