English version of this page

Dei viktigaste råda mot hacking

Kvar månad blir Universitetet i Oslo utsatt for millionar av enkeltangrep frå hackarar, botnett og andre som har vonde hensikter med UiO sine IT-ressursar. Gir du dei motstand eller opner du døra for dei?

Dei viktigaste råda

  1. Ver forsiktig med å trykke på lenker i e-post – peikar lenka til rett stad?
  2. Bruk forskjellige passord på ulike nettstader og i sosiale medier.
  3. Skru på automatisk oppdatering av datamaskinen og ulike program som du nyttar.
  4. Ver bevisst på kor du kan lagre ulike dokument.
  5. Kjenn di maskin og ikkje installer fleire program enn nødvendig.
Sjå også denne korte videoen for ein kort innføring i informasjonstryggleik.

Når du er heime

  1. Ikkje la andre bruke jobbmaskina din.
  2. Skru på automatiske oppdateringar.
  3. Ta sikkerheitskopi av bilete og anna som du ikkje vil miste.
  4. Kjenn maskina – vit kva du har installert.
  5. Bruk Kiosk eller View eller Remote Desktop, ikkje lagre lokalt.
  6. Ikkje putt inn USB-pinnar du ikkje kjenner opphavet til.
  7. Vær medviten når du lagrar i skyen og kor dokumenta blir synkronisert.

Når du er på reise

  1. Ver forsiktig med framande trådlause nettverk, bruk Kiosk eller View eller Remote Desktop.
  2. Krypter laptopar om de lagrer dokument på disken.
  3. Vurdér om du skal bruke eigen laptop til reisen.
  4. Krypter USB-diskar i tilfelle du mister dei eller nokon steler dei.

Les meir om IT-ressursar på reise her.

Når du er på jobb

  1. Kjenn IT-reglementet på UiO og kva som er lov og ikkje lov.
  2. Ver bevisst på om maskinen plutseleg opptrer annleis.
  3. Bruk UiO sitt heimeområde og fellesområder heller enn andre skytenester.
  4. Når du treng ei IT-teneste – velg den riktige. Sjå tenestekatalogen eller spør IT-avdelingen.

Når du les e-post

  1. Ver skeptisk til å klikke på lenkjer i e-post – peiker dei rett stad?
  2. Sjekk svaradressa – går svaret ditt der du trur?
  3. Ikkje stol på avsendaren – e-post kan lett bli forfalska.
  4. Ha eit medvite forhold til kva slags dokument du sender ut av UiO.
  5. Ikkje send sensitivt innhald i e-post uten vidare.
  6. Send aldri brukarnamn og passord i e-post – UiO vil aldri spørje om dette.

Når du er på sosiale media

  1. Bruk ulike passord på ulike tenester.
  2. Beskytt e-postkontoen du brukar til sosiale medier, bruk to-faktor-autentisering der det er mogleg.
  3. Vit kva du deler offentleg og kva du deler med vener.
  4. Ver oppmerksam når vener plutseleg skriv rare ting eller deler rare lenkjer.

Når du brukar mobilen

  1. Ikkje installer fleire appar enn du eigentleg treng.
  2. Unngå appar som ikkje kjem fra Google eller Apple sine app-butikkar.
  3. Ver ekstra varsam med lenkjer i e-post – det er vanskeleg å sjekke lenkjene.
  4. Bruk skjermlås.
  5. Pass på at telefon og appar er oppdatert.
  6. Ikkje lagre jobbdokument på telefonen – tøm nedlastingsmappa jamleg.
  7. Ta i bruk verktøy for fjernsletting – i tilfelle tyveri.
Publisert 15. feb. 2019 10:03 - Sist endret 11. jan. 2024 13:43