print logo

Tilrettelegging ved eksamen

Dersom du har ei funksjonshemming eller eit helseproblem som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen kan du søkje om tilrettelegging ved eksamen.

Døme på tilrettelegging

Det er fakultetet som vurderer kva slags tilrettelegging som kan gjevast på grunnlag av opplysningane i legeattesten. Dette kan til dømes vere:

  • Ekstra tid dersom funksjonshemminga fører til at du arbeider langsamare.
  • Høve til å kvile eller bevege deg under eksamen. Kviletid skal ikkje brukast til arbeid med eksamenssvaret.
  • Hjelpemiddel som datautstyr, diktafon eller lese-TV. Som student er det ditt ansvar at du meistrar bruken av hjelpemidla. Dersom dette er hjelpemiddel du ikkje bruker til vanleg, bør du prøve dei ut på førehand.
  • Kvilebenk, leselampe, regulerbar stol eller bord.
  • Høve til å sitje på mindre rom.

Tilrettelegginga skal ikkje vere så omfattande at det gjev ein fordel i høve til andre studentar. Det vil seia at du ikkje nødvendigvis får godkjenning om ei optimal tilrettelegging eller det du har søkt om. Det kan vere ein stor fordel å få bruke datamaskin i høve til medstudentar som skriv for hand. Du må derfor dokumentere at du har så store ulemper i eksamenssituasjonen at fordelen du har ved å bruke datamaskin er ein rimeleg kompensasjon for vanskane funksjonshemminga eller helseplagene gjev.

Kven kan få tilrettelegging? 

Tilrettelegging skal vege opp for ulempene ei funksjonshemming eller eit helseproblem fører med seg i eksamenssituasjonen. Samstundes skal eksamenskandidatane i størst mogleg grad prøvast likt. Ein diagnose gjev ikkje automatisk rett til tilrettelegging.

Nokre sjukdommar kan føre til vanskar på eksamensdagen. Døme er epilepsi, diabetes eller migrene, der anfall eller føling vil gå ut over eksamenstida. Om du er engsteleg for at det skal skje, skal du søkje på vanleg måte innan fristen og leggje ved dokumentasjon. Da vil tida du mistar dersom du får anfall bli lagt til eksamenstida. 

Les meir om kven som kan få tilrettelegging

Søknadsfristar

Vår: 1. februar

Haust: 1. september

Frist for ettersending av dokumentasjon er 1 måned.

NB! For studentar på medinstudiet og i fellessemestra på klinisk ernærings- og odontologistudia er fristen 4 veker før eksamen.

Dersom du blir akutt sjuk eller skadd etter at søknadsfristen har gått ut, må du kontakte studentinformasjonen ved fakultetet snarast. I slike tilfelle må legeattesten stadfeste at behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen gjekk ut.

Kvar leverer du søknaden?

Søknadsskjema saman med dokumentasjon frå lege/sakkyndig skal leverast eller sendast til studentinfosentret på fakultetet ditt.

Dersom du tek emne og skal avleggje eksamenar ved fleire fakultet, må du sende søknad med vedlagt dokumentasjon til kvart av fakulteta.

Søknadsskjema og dokumentasjon om ordinær tilrettelegging ved eksamen

Det skal gå fram av søknaden og dokumentasjonen kva ulemper du har i eksamenssituasjonen og kva form for tilrettelegging som er naudsynt.

  1. Fyll ut søknadsskjema:
  2. Gje informasjonsbrev og skjema til din lege/sakkyndige som fyller det ut:

Dokumentasjon må leggjast ved kvar gong du søkjer om tilrettelegging. Unntaket er dersom du har ei kronisk liding og fakultetet har godkjent at ny attest ikkje er naudsynt.

Søknadsskjema for dyslektikarar om tilrettelegging ved eksamen

  1. Fyll ut søknadsskjema (pdf, bokmål)
  2. Hugs å leggje ved dysleksiattest

Dyslektikarar treng berre å søkje ein gong. Om søknaden din vert innvilga, gjeld vedtaket for 10 år ved alle fakultet. Meir informasjon for dyslektikarar.

Kvar blir søknaden behandla?

Søknad om tilrettelegging blir behandla på fakultetet. Tek du emne ved fleire fakultet, er det fakultetet som administrerer emnet, som behandlar søknaden.   

 

Publisert 29. apr. 2010 16:32 - Sist endra 29. apr. 2013 14:51