NOR4172 – Fordjupingsemne i nordisk språkvitskap: sosiolingvistikk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Det faglege temaet på dette emnet skifter frå semester til semester, men sams for alle er at det gjev studentane høve til å fordjupa seg i avgrensa spørsmål innanfor sosiolingvistisk teori med fokus på dei nordiske språka.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunna:

  • ha innsikt i sosiolingvistisk teori innanfor eit avgrensa område
  • kjenna til forskingslitteratur og aktuelle forskingsspørsmål innanfor eit avgrensa område
  • ta stilling til konkrete forskingshypotesar
  • ytra seg sjølvstendig om aktuelle forskingsspørsmål

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Emnet vert berre tilbudt dersom minst 5 studentar har meldt seg.

NOR2120emne:NOR4120

Studentar som ikkje har teke dette emnet bør ha kunnskap tilsvarande det som er på pensum på NOR2120, anten gjennom tidlegare kunnskap eller ved å lesa dette pensumet før emnet byrjar.

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 10 timar seminarundervisning.

Ei kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Kvalifiseringsoppgåva er berre gyldig det semesteret den vert godkjend.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23.000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett dato i slutten av semesteret.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Høve til ny eller utsett eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 24. mai 2024 17:25:12

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning

Haust 2024

Eksamen
Vår, Haust
Undervisningsspråk
Norsk