NORINT2115 – Dialektar, nynorsk og språkhistorie i eit framandspråksperspektiv

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Dette er eit ferdigheits- og kunnskapsemne retta mot internasjonale og minoritetsspråklege studentar som ynskjer å få meir kunnskap om det norske språklandskapet. Emnet gir ei innføring i norske dialektar, norsk språkhistorie og nynorsk både som kulturarv og bruksspråk. I studiet legg ein vekt på at studentane skal få eit oversyn over den norske språksituasjonen før og no.

Kva lærer du?

Studentane skal ved fullført emne ha kunnskap om hovudpunkt i dialektologien. Dei skal arbeida praktisk med målprøvar og kunna kjenna igjen dei fire hovudgruppene som norske dialektar vert delt inn i. Studentane skal ha god innsikt i norske talemål og talemålsvariasjon og oversikt over den historiske og politiske bakgrunnen for dagens situasjon. Kunnskapen om norske talemål skal dei kunna overføra til heimlege forhold.

Studentane skal vidare kjenna til nokre hovudtrekk i norsk språkhistorie og ha kunnskap om nynorsken sin plass i Noreg i dag. Dei skal kunna lesa og forstå nynorske tekstar i ulike sjangrar frå bloggar og aviser til fagartiklar og kortare litterære tekstar. Studentane skal få innsikt i det nynorske ordtilfanget og i grunnleggjande grammatiske trekk i det nynorske språket og kunna bruka denne kompetansen til å skriva eigne tekstar på nynorsk.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen obligatoriske forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

NORINT0130 – Norsk for internasjonale studenter, trinn 3 eller tilsvarande med karakter C eller betre, både munnleg og skriftleg.

Undervisning

Undervisninga utgjer tre timar seminarundervisning i veka i 14 veker. Praktiske skriftlege øvingar i undervisinga er ein obligatorisk del av emnet.

I tillegg er det krav om ei kvalifiseringsoppgåve til kvart av dei to hovudtemaa, dialektkunnskap og nynorsk. Kvalifiseringsoppgåva for dialektkunnskap skal gjennomførast munnleg i grupper. Kvalifiseringsoppgåva for nynorskdelen er individuell og inneber ein skriftleg aktivitet. Begge kvalifiseringsoppgåvene skal vera godkjende av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Det er obligatorisk oppmøte på minst 75 prosent for å verta godkjend for eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Heimeeksamen på omlag 4-5 sider.

Sensorrettleiing

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva vert gjeven på nynorsk, og du skal svare på eksamenen på nynorsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 24. mai 2024 08:26:30

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår
Eksamen
Vår
Undervisningsspråk
Norsk