Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet skal gi ei innføring i bakgrunnen for Dreyfus-saka, følgje gangen i saka, få fram dei ideologiske og politiske konfliktane saka utløyser, og vise korleis ho pregar Frankrike utover i det 20. hundreåret. Det blir også lagt vekt på korleis omverda reagerer og engasjerer seg.

Kva lærer du?

Studentane skal få ei djupare forståing av kva som gjorde ei sak som Dreyfus-saka mogleg, kva for grunnleggjande konfliktar ho utløyste, kor viktig ho er for samfunnsengasjementet til franske og utanlandske intellektuelle, og kva for spor ho har sett i ettertida.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Ved for få påmeldte studenter avlyses undervisning og eksamen i emnet.

Førelesingar er opne for alle. Skal du fylgje seminar- og gruppeundervisning, må du ha undervisningsopptak til emnet.

På emne som har obligatorisk kvalifiseringsoppgåve, må du ha undervisningsopptak.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot FRA4517 – Dreyfus-saka (nedlagt)

Undervisning

Undervisninga vert gitt som 1 time førelesing og 1 time seminar i 14 veker.

Emnet har krav om obligatorisk aktivitet. Studenten skal levere ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve som må godkjennast av faglæraren før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Eksamensinnlevering går føre seg i Fronter. Les her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html

Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i Fronter.

Eksamensforma på emnet er ein heimeeksamen på 3 dagar. Oppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi som er utforma etter gitte normer

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Tidligere gitte eksamensoppgaver finner du her:
http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/FRA2504/Eksamensoppgaver/Eksamensoppgaver.xml

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande semester og dei to neste semestera emnet blir gitt. Det er studenten sitt eige ansvar å halde seg orientert om eventuelle endringer i pensum og undervisning. Følg med på semestersida.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Haust 2012
Haust 2010
Haust 2008

Uregelrett

Eksamen
Haust 2012
Haust 2010
Haust 2008
Undervisningsspråk

Fransk