Slik får du realkompetanse
Har du ikkje generell studiekompetanse og fyller 25 år eller meir i opptaksåret, kan du søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Kvar enkelt lærestad avgjer kva som gir realkompetanse til deira studium. Same type studium kan difor ha ulike krav til realkompetanse, slik at vurdering ved ein lærestad ikkje gjeld ved andre lærestader.
Universitetet i Oslo stiller eit sett med basiskrav og eit sett med tilleggskrav, avhengig av kva slags type studie du søkjer på.
Basiskrav
For å bli kvalifisert på grunnlag av realkompetanse, må du innfri visse krav. Krava gjeld både for søknad om opptak til studieprogram, og for søknad om opptak til exphil og andre enkeltemne.
-
Norsk og engelsk
Du må dokumentere tilstrekkelege kunnskapar i norsk (eller eit anna nordisk språk) og engelsk til å kunne gjennomføre studiet. Dvs. norskkunnskapar tilsvarande tredjeklassenivå og engelskkunnskapar tilsvarande førsteklassenivå frå vidaregåande skule, studieførebuande utdanningsprogram. For søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden gjeld dei same reglane for dokumentasjon av norsk- og engelskkunnskapar som for dei med generell studiekompetanse på grunnlag av utdanning frå land utanfor Norden.
-
Fem års praksis
Du må dokumentere minimum fem års praksis, eller ein kombinasjon av praksis og utdanning. For søkjarar med særleg relevant praksis eller utdanning kan ein gjera unntak frå 5-årskravet. For søkjarar som ikkje har hatt høve til å gjennomføra praksis (til dømes på grunn av sjukdom eller liknande) kan søkje om unntak frå 5-årskravet. Relevant praksis, oppnådde resultat og motivasjon vert vektlagt.
Tilleggskrav
Dei forskjellige studieprogramma og emna kan også ha andre krav til realkompetansesøkjarar. Desse varierer mellom dei ulike studieprogramma. Sjå oversikt over tilleggskrava.
Rangering ved opptak til studieprogram
Grunnstudier ved UiO er adgangsregulerte. Det er altså ikkje nok å vere kvalifisert, du må også nå opp i konkurransen for å få tilbod om opptak. Ved rangering vert det lagt vekt på følgjande, i prioritert rekkefølgje:
- Dokumenterte kunnskapar og kvalifikasjonar, inkludert kunnskapar i norsk, engelsk og eventuelle andre fag
- Omfang og relevans av praksis
- Motivasjon for å søkje studiet
Dersom eit studieprogram har spesielle opptakskrav må desse dekkjast på vanleg vis. Desse kan altså ikkje dekkast med realkompetanse.