Dekkje spesielle opptakskrav med høgare utdanning

Viss du ikkje dekkjer spesielle opptakskrav med fag frå vidaregåande skule, er det mogeleg å dekkje dei med emne frå høgare utdanning.

Dei generelle reglane er:

  • 9 sp (studiepoeng) i faget frå høgare utdanning kan dekke fag frå vidaregåande skule på Vg2-nivå (for eksempel matematikk R1)
  • 15 sp (studiepoeng) i faget frå høgare utdanning kan dekke fag frå vidaregåande skule på Vg3-nivå (for eksempel matematikk R1+R2)

For å dekke ei fordjuping i realfag frå vidaregåande skule (for eksempel informasjonsteknologi 1+2) må du ha minst 15 studiepoeng høgare utdanning innan aktuelt realfag.

Emna frå høgare utdanning må også vurderast for om dei har tilsvarande nivå og innhald som realfaget som skal dekkast. Vurderinga skjer når du søker om opptak.

Nokre emne på 10 studiepoeng kan aleine dekke krav om Vg3-nivå i realfag. Du kan sjå desse i oversikta nedanfor.

Har du høgare utdanning frå ein annan lærestad enn UiO?

Dei generelle reglane gjeld for høgare utdanning både ved UiO, ved andre lærestadar i Noreg og i utlandet. Sakshandsamar vil vurdere om du dekker dei spesielle opptakskrava når du søker om opptak. Merk at andre lærestadar kan kome til ein annan konklusjon når dei vurderer om emna du har tatt kan dekke spesielle opptakskrav. 

Guide til dekking av spesielle opptakskrav med emne frå UiO

UiO tilbyr emne som du kan ta for å dekke spesielle opptakskrav. Men kva for emne du kan ta er avhengig av kva for spesielle opptakskrav du dekker frå før. Mange realfaglege emne kan du berre ta dersom du har eller dekker fleire realfag frå før. 

Alle spesielle opptakskrav har ein kravkode. 

Kva for kravkodar dekker eg?

Dette er ei liste over kravkodar som gjeld for emne på UiO. Studieprogram kan ha andre kravkodar. Du finn informasjon om spesielle opptakskrav til alle grunnstudium ved UiO her. For ei fullstendig liste over kravkodar i opptak til grunnstudium, sjå Samordna opptaks nettsider. 

Dersom du har generell studiekompetanse dekker du kravkoden GENS. Dei andre kravkodane krev bestemte fag frå videregåande skule i tillegg til generell studiekompetanse:

Du dekker MATRS viss du har
  • Matematikk R1 (eller S1+S2)
Du dekker REALFA viss du har
  • Matematikk R1 (eller S1+S2), og
  • Matematikk R2 eller ei realfagsfordjuping (nivå 1+2) 
Du dekker REALR2 viss du har
  • Matematikk R1 (eller S1+S2), og
  • Matematikk R2, og
  • Realfagsfordjuping (nivå 1+2)
Du dekker REAR2S viss du har
  • Matematikk R1 (eller S1+S2), og
  • Matematikk R2, og
  • Realfagsfordjuping (nivå 1+2) eller samfunnsøkonomi 1+2

Kan eg ta eit forkurs?

Universitetet i Oslo tilbyr ikkje realfagskurs eller forkurs for å dekke spesielle opptakskrav. Du kan i staden ta bestemte emne enten som enkeltemnestudent eller som student på eit studieprogram. 

Normalt vil halvårige realfagskurs eller forkurs for ingeniørutdanning frå andre norske lærestader dekke krav om matematikk R1+R2 og fysikk 1. Merk at for å dekke dei spesielle opptakskrava til studium med kravkode REALR2 må du i tillegg dekke fysikk 2 eller ei anna realfagsfordjuping. 

Ønsker du å ta eit realfagleg studium med kravkode REALR2, men du mangler ei realfagsfordjuping (nivå 1+2)? Viss du har matematikk R1 kan du søke på årsstudiet i informatikk (kravkode MATRS) og viss du har matematikk R1 og R2 kan du søke på årsstudiet i matematikk (kravkode REALFA). På desse årsstudia kan du ta realfaglege emne som kan hjelpe deg å dekke spesielle opptakskrav og som du seinere kan søke om å få godkjent i ein eventuell bachelorgrad. 

Dekker du dei spesielle opptakskrava til kravkoden REALR2, men du vil ta fleire realfag? På årsstudiet i realfag kan du velje fritt bland realfaglege emne. 

Matematikk

Viss du ønsker å dekke

Matematikk R1

Du kan ta:

Dersom du består ECON1100 kan du deretter ta emne med kravkoda MATRS. Merk at det er begrensa med plass på ECON1100. Det er derfor ikkje sikkert at enkeltemnestudentar får plass på emnet. 

Årsstudiet i samfunnsøkonomi har også spesielle opptakskrav med kravkode GENS. Her kan du velje å ta ECON1100. Du kan søke på årsstudiet gjennom Samordna opptak. 

Matematikk R1+R2

Du kan ta: 

Dersom du ikkje har matematikk R1 eller R2 frå før, kan du søke om opptak til årsstudiet i samfunnsøkonomi. Der kan du ta ECON1100 og deretter ECON2130, som til saman dekker matematikk R1+R2. Du søker på årsstudiet gjennom Samordna opptak. 

Viss du dekker MATRS, kan du ta: 
  • Minst 15 sp matematikk, eller
  • Minst 10 sp matematikk + minst 5 sp statistikk

Vel blant emna med kravkode GENS eller MATRS:

MatematikkemneStatistikkemne

MAT1020 (10 sp)

MAT1080 (10 sp)

ECON1100 (10 sp)

ECON3120 (10 sp, krev bestått ECON1100 eller tilsvarande)

STK1000 (10 sp)

STK-IN1050 (10 sp)

ECON2130 (10 sp)

Viss du dekker REALFA, kan du ta: 
  • MAT1050, eller
  • MAT1060 og eitt anna matematikk- eller statistikkemne på minst 5 sp

Bestått MAT1050 dekker krav om matematikk R1+R2 sjølv om emnet berre har 10 studiepoeng. 

Programstudentar på årsstudium i matematikk (kravkode REALFA) får garantert plass på MAT1050. Du søker på årsstudiet gjennom Samordna opptak. 

Realfag

Viss du ønsker å dekke

Biologi 1

Viss du dekker REALFA, kan du ta: 
  • Minst 9 sp biologi

Biologi 1+2

Viss du dekker REALFA, kan du ta: 
  • Minst 15 sp biologi

Fysikk 1

Viss du dekker REALFA, kan du ta: 

Bestått FYS1001 dekker krav om fysikk 1+2 sjølv om emnet berre har 10 studiepoeng. 

Viss du dekker REALR2, kan du ta: 
  • Minst 9 sp i fysikk (andre emne)

Fysikk 1+2

Viss du dekker REALFA, kan du ta: 

Bestått FYS1001 dekker krav om fysikk 1+2 sjølv om emnet berre har 10 studiepoeng. 

Viss du dekker REALR2, kan du ta: 
  • Minst 15 sp i fysikk (andre emne)

Geofag 1

Viss du dekker REALFA, kan du ta: 
  • Minst 9 sp geofag

Geofag 1+2

Viss du dekker REALFA, kan du ta: 
  • Minst 15 sp geofag

Informasjonsteknologi 1

Du kan ta: 
Viss du dekker MATRS, kan du ta: 
  • Minst 9 sp informatikk (andre emne)

IN1150 kan ikkje inngå i dekking av informasjonsteknologi.

Programstudentar på årsstudiet i informatikk (kravkode MATRS) er garantert plass på informatikkemne. Du søker på årsstudiet gjennom Samordna opptak. 

Informasjonsteknologi 1+2

Du kan ta:

(IN1010 og IN1030 krev forkunnskapar tilsvarande IN1000.)

Viss du dekker MATRS, kan du ta: 
  • Minst 15 sp informatikk (andre emner)

IN1150 kan ikkje brukast til å dekke informasjonsteknologi.

Programstudentar på årsstudiet i informatikk (kravkode MATRS) er garantert plass på informatikkemne. Du søker på årsstudiet gjennom Samordna opptak. 

Kjemi 1

Viss du dekker REALR2, kan du ta:

*KJM1101 (og KJM1002, som er nedlagt) dekker kjemi 1+2 sjølv om emnet berre har 10 studiepoeng, men berre dersom emnet er bestått høsten 2022 eller seinere. 

Kjemi 1+2

Viss du dekker REALR2, kan du ta:

*KJM1101 (og KJM1002, som er nedlagt) dekker kjemi 1+2 sjølv om emnet berre har 10 studiepoeng, men berre dersom emnet er bestått høsten 2022 eller seinere. 

Teknologi og forskningslære 1

Har du minst 9 sp i realfaglege teknologiemne, kan du dekke krav om teknologi og forskningslære 1. Sakshandsamar vurderer emnekombinasjonar frå sak til sak. 

Teknologi og forskningslære 1+2

Har du minst 15 sp i realfaglege teknologiemne, kan du dekke krav om teknologi og forskningslære 1+2. Sakshandsamar vurderer emnekombinasjonar frå sak til sak. 

Samfunnsøkonomi

UiO tilbyr tre bachelorprogram i matematikk med kravkoda REAR2S. For å kvalifisere for opptak til desse må du ha matematikk R1+R2 og enten ei realfagsfordjuping (nivå 1+2) eller samfunnsøkonomi 1+2. 

Viss du ønsker å dekke

Samfunnsøkonomi 1

Du kan ta:
  • Minst 9 sp samfunnsøkonomi/økonomiske emner

Du må ha både mikro- og makroøkonomi blant dei 9 studiepoenga. Når du søker om opptak vil sakshandsamaren din vurdere om emna har tilstrekkeleg fagleg breidde. 

Samfunnsøkonomi 1+2

Du kan ta:
  • Minst 15 sp samfunnsøkonomi/økonomiske emner

Du må ha både mikro- og makroøkonomi blant dei 15 studiepoenga. Når du søker om opptak vil sakshandsamaren din vurdere om emna har tilstrekkeleg fagleg breidde. 

Du kan søke om opptak til årsstudiet i samfunnsøkonomi, der du tar ECON1210 – Mikroøkonomi 1 og ECON1310 – Makroøkonomi 1, som til saman dekker samfunnsøkonomi 1+2. (På årsstudiet kan du også velje å ta ECON1100 og ECON2130, som til saman dekker krav om matematikk R1+R2.) Du søker på årsstudiet gjennom Samordna opptak.

Emne som ikkje dekker spesielle opptakskrav

Dekker du kravet på fleire måtar?

Søker du opptak til program via Samordna opptak, og dekker eit spesielt opptakskrav både med fag frå videregåande opplæring og på ein annan måte, må vi ta med karakterane i faget frå videregåande i poengutrekninga. 

Skal du til dømes dekke krav om fysikk 1+2, og har både fysikk 1 og fysikk 2 frå vidaregåande opplæring og FYS1001 frå UiO, må vi ta med karakterane i fysikk 1 og fysikk 2 når vi reknar ut poengsummen din (samordnaopptak.no).

Det er mogleg å dekke nivå 1 av eit fag med høgare utdanning (normalt med minst 9 studiepoeng) og ta nivå 2 i videregåande opplæring. 

Registrering av spesielle opptakskrav

Du er sjølv ansvarleg for å få registrert spesielle opptakskrav når du har bestått emne som dekker fag frå vidaregåande skule. Korleis du får det registrert avheng av kva du vil søke på:

“Eg vil ta enkeltemne på UiO”

“Eg er allereie programstudent på UiO”

“Eg vil søke om opptak til eit grunnstudium på UiO”

Kontakt

Knutepunktet - sentralt infosenter for søkarar og studentar

Publisert 27. apr. 2018 15:25 - Sist endra 15. mai 2026 15:36