WebID ved UiO

WebID er eit verktøy for enklare samarbeid mellom Feide- og UiO-brukarar og eksterne personar. I WebID kan kven som helst opprette sin eigen brukar som gir tilgang til nettenester som støtter WebID.
Tenesta er tilgjengeleg på webid.uio.no.
WebID fungerer i hovudsak:
- Ein Feide- eller UiO-brukar inviterer ein ekstern person til ei WebID-gruppe ved å oppgje personen si e-postadresse.
- Personen aksepterer invitasjonen og oppretter seg ein WebID-brukar.
- WebID-brukaren har no tilgang til nettenestene som bruker den gitte WebID-gruppa. Akkurat kva gruppa gir tilgang til, må settast opp i kvar enkelt teneste.
Feide- eller UiO-brukarar kan logge inn i WebID og opprette sine eigne WebID-grupper som kan brukast i andre tenester. Merk at personar som allereie har ein Feide- eller UiO-brukar, treng ikkje å opprette ein eigen WebID-brukar.
The user guide to WebID is available in English.