English version of this page

WebID

WebID er eit verktøy for enklare samarbeid mellom Feide- og UiO-brukarar og eksterne personar. I WebID kan kven som helst opprette sin eigen brukar som gir tilgang til nettenester som støtter WebID.

WebID ved UiO

Tenesta er tilgjengeleg på webid.uio.no.

WebID fungerer i hovudsak:

  1. Ein Feide- eller UiO-brukar inviterer ein ekstern person til ei WebID-gruppe ved å oppgje personen si e-postadresse.
  2. Personen aksepterer invitasjonen og oppretter seg ein WebID-brukar.
  3. WebID-brukaren har no tilgang til nettenestene som bruker den gitte WebID-gruppa. Akkurat kva gruppa gir tilgang til, må settast opp i kvar enkelt teneste.

Feide- eller UiO-brukarar kan logge inn i WebID og opprette sine eigne WebID-grupper som kan brukast i andre tenester. Merk at personar som allereie har ein Feide- eller UiO-brukar, treng ikkje å opprette ein eigen WebID-brukar.

Ta i bruk tenesta

  • Logg inn med UiO- eller Feide-innlogging
  • Opprett ein WebID-brukar

Implementere WebID?

Er du eigaren av en teneste og ønsker å gje eksterne brukarar tilgang ved hjelp av WebID?

Treng du hjelp?

Treng du hjelp frå nokon, men veit ikkje kven?