UiO samarbeider med Høgskolen i Østfold og Høgskolen i Molde om publiseringsløysing og nettsider

Denne våren og hausten byggjer Høgskolen i Østfold og Høgskolen i Molde nye nettsider med UiO si publiseringsløysing, Vortex.

Ei spesialtilpassa publiseringsløysing

Vortex, UiO si publiseringsløysing for nettsider, er utvikla og drifta på USIT (Universitetets senter for informasjonsteknologi). Systemet har vore i bruk på UiO sine nettider i mange år, og er spesialtilpassa behova ein har for nettsider på institusjonar for høgare utdanning.

Heile 87,6 prosent av dei som besøker UiO sin nettstad får utført det dei kom for å gjere. Dette er eit særs godt resultat, som utviklarane og nettorganisasjonen har jobba hardt for og er noko dei er særs nøgde med. No oppdagar også andre i sektoren at Vortex er eit godt og effektivt verktøy for bygging og vedlikehald av nettstader. Saman med ny nettstad får dei også hjelp til å bygge ein god nettorganisasjon.

Aktive utviklarar

– Vi har sidemalar som blant anna er tilpassa emne og studieprogram, og informasjonsarkitekturen er svært effektiv for å vise fram både studiar og forsking, fortel Magnus Korvald, gruppeleiar for USIT si gruppe for publiseringsløysing.

– Vi samarbeider nært med nettredaktøren på UiO, og sidan vi som er utviklarar er så nært brukarane, får vi inn mange ønskje om vidareutvikling, seier han.

Alle ønskjer om vidareutvikling av malar, innhaldskomponent og andre innspel, blir vurdert i fellesskap av nettredaktør og utviklarar. Resultat blir ei løysing som er i stadig endring for å fylle brukaranes krav.

Kvifor ikkje fellesløysing?

Også i utdanningssektoren er det eit stadig aukande krav om bruk av fellesløysingar som kan skape synergi og effektiv bruk av statlege midlar.

– Vi tenkte at når vi har ei publiseringsløysing som er utvikla og tilpassa sektoren, må det jo vere eit gode at fleire enn oss brukar den, seier Korvald.

USIT gjorde undersøkingar i sektoren og fann ut at i alle fall to høgskular ville bytte gamal løysing med ny, og samtidig få hjelp til å byggje både informasjonsarkitektur og ein nettpubliseringsorganisasjon med redaktørar og publisistar.

IT-direktør ved UiO, Lars Oftedal, er også engasjert i arbeidet med Vortex som ei mogleg fellesløysing til sektoren.

– Vi har eit særs godt produkt og vi ser fram til å vidareutvikle det saman med fleire institusjonar i sektoren, seier Oftedal.

Vortex på Høgskolen i Østfold

Tore Petter Engen, informasjonssjef ved Høgskolen i Østfold, gler seg til dei nye nettsidene deira går på lufta i slutten av juni.

– Etter eit forprosjekt med analyse av den noverande situasjonen, inviterte vi fleire leverandørar til HiØ for å demonstrere sine løysingar. Vi hadde høyrt om Vortex av våre eigne tilsette i forkant, så det var naturleg for oss at vi også inviterte USIT, seier han.

Han fortel vidare at ein av dei viktigast eigenskapane dei hadde behov for var tett integrasjon mot studie- og forskingsspesifikt innhald frå kjeldesystem som FS og Cristin.

– Vi ønskja tett dialog med brukarane av publiseringsløysingar med same primærbehov som oss. Når vi i tillegg kunne ha god dialog med UiO sin nettredaksjon og deira opplæringsløp for publisistar og nettredaktørar, tykte vi valet av Vortex var rett for HiØ, seier Engen.

Etter lanseringa vil Engen gå i tettare dialog med Høgskolen i Molde og UiO for å finne gode samarbeidsformer framover.

– At det har komme fleire institusjonar som brukar Vortex, var avgjerande for vårt val, seier han.

I framtida ser han føre seg eit godt samarbeid med andre Vortex-institusjonar:

– Vi ønskjer å påverke vidare utvikling slik at vårt behov også blir godt dekka i framtida. Vi vil arbeide saman for å finne gode løysingar, avsluttar Engen.

Ny nettstad også i Molde

Høgskolen i Molde er også godt i gang med å bygge ny nettstad med Vortex. Dei starta arbeidet med å gå over til ny publiseringsløysing rett etter påske, og planlegg lansering seint på hausten i år.

– Vår gamle publiseringsløysing, som var basert på Sharepoint, var moden for utskifting, seier informasjonssjef ved Høgskolen i Molde, Jens Petter Straumsheim.

Dei starta prosessen sist haust då dei planlagde å lyse ut anbud, men valde å avvente då forespørsla frå USIT om å nytte Vortex kom på bordet.

– Som høgskule har vi dei same behova til innhald, og med Vortex såg vi moglegheita til å skaffe eit system som hadde alle dei viktige integrasjonane på plass. FS og Cristin for å nemne nokon. Vi har akkurat gjennomført forprosjektfasen og ventar i spaning på fortsetjinga, seier Straumsheim.

Døra open for fleire samarbeidspartnarar

Om du vil vite meir om korleis din institusjon kan ta i bruk UiO si publiseringsløysing, eller om du har spørsmål om noko anna som står i denne artikkelen, ta kontakt med Webseksjonen på USIT.

– Vi inviterer meir enn gjerne til ein prat og presenterer våre tekniske og redaksjonelle løysingar og deler våre erfaringar med å bygge nettsider for både UiO og andre aktørar i sektoren, seier Korvald.

 

Publisert 31. mai 2018 10:01 - Sist endra 29. sep. 2020 22:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere