Å etterspore opphav, nedslag og effektar av ideologiske trussystem er ei sentral oppgåve for all politisk forsking.
"Jeg skylder Georges Sorel mest. Denne syndikalistenes mester har gjennom sin røffe revolusjonære taktikk bidratt mest til å danne de fascistiske skarers disiplin, energi og makt" - Benito Mussollini
Skapte fascisme av marxisme
Georges Sorel (1847-1922) var ein autodidakt tenkar som glorifiserte valdsbruk i politikken. Han formulerte ein politikk grunna på kjensler, og brukte mytar og propaganda for å samle massane til ein generalstreik for revolusjon. Alt dette vart gjort på grunnlag av ei klar forakt for intellektuelle argument og logikk.
Program
| 08:00 | Frokostservering og registrering |
| 08:30 |
Velkommen ved Kåre Svensson, Partnerforums sekretariat Myte, generalstreik, vald. Om fascismens røter og Georges Sorel Diskusjon og spørsmål frå seminardeltakarane leidd av Bernt Hagtvet |
| 10:30 |
Slutt. Med forbehold om endringer. På dette seminaret vil det være mulig å delta enten fysisk eller digitalt. Video legges i etterkant ut på denne nettsiden. |
Påmelding
Arrangementet er åpent for fysisk deltakelse, og anbefalte hensyn til smittevern vil bli ivaretatt. Det er også mulig å følge arrangementet via streaming. Påmelding kreves i begge tilfeller. Alle som melder seg på vil i forkant av seminaret få tilsendt lenke for streaming av arrangementet samt kode til Slido.com for evt spørsmål til innleder under seminaret.
Meld deg på for fysisk deltakelse
Meld deg på for digital deltakelse
Om frukostseminaret
Seminar med Bernt Hagtvet. Sitatet fra Mussolini nevnt innledningsvis er hentet fra Bernt Hagtvets essay om Georges Sorel i antologien Poltisk vold, former og årsaker (2021) av Øystein Sørensen, Bernt Hagtvet og Nik. Brandal (red).
Dei tankemessige røtene til Mussolini og Hitler var alt formulert før fyrste verdskrigen. Blandinga av ekstrem-nasjonalisme, demokratiforakt, massedyrking, irrasjonell agitasjon og anti-semittisme la grunnen til den italienske fascismen og den tyske nasjonalsosialismen – og anarko-syndikalismen.
Lenin meinte Sorel var ein grautmons, men det hindra ikkje at Sorel trakk kjølen til både anarko-syndikalismen og den europeiske fascismen. Sorels valdsmetafysikk inspirerte også mykje av valdsromanikken på venstresida som munna ut i RAF-terrorismen.
Ved å studera opphavet til desse ideane i den moralske og politiske krisa på 1890-talet kan vi kome på hald av heile det anti-demokratiske og høgreautoritære straumdraget fram mot sivilisasjonskrisa i mellomkrigstida.
---
Seminaret den 16. desember 2021 er den sjuande årlege "Bernt-frukosten" på rad i regi av Partnerforum. Her er rekka av øvrige arrangement:
2020: Tysklands moderne identitet og framtid.
2019: Kva kan den spanske borgarkrigen lære oss i dag?
2018: Er ondskap ein sjukdom? Hannah Arendt, Eichmannssaka og "det ondes banalitet"
2017: Gjensyn med Storebror: Orwell
2016: Europa i krise – kvar går Europa i ljos av Dreyfus-saka
2015: Kjem fascismen attende til Europa?
Om innleiaren
Bernt Hagtvet er professor emeritus i statsvitskap ved UiO med utdaning frå UiO, UiB, Yale og Oxford. Særskilte interesser for totalitære diktatur, ideologiar og menneskerettsstudiar, samt intellektuelle i politikken. Forskingsleiar ved Programmet for Menneskerettsstudiar, CMI i Bergen 1983-94. Gjesteførelesar ved Yale hausten 2016 om europeisk fascisme. Prof. II ved Oslo Nye Høyskole. Breitt forfattarskap om europeisk politikk og politisk ekstremisme. Spaltist i Aftenposten og Dag og Tid, sakprosameldar i Dagbladet.
Knut Olav Åmås (tidl. kultur- og debattredaktør i Aftenposten) omtala i 2009 serien «Frukost med Bernt» som gjekk 150 gonger på Blindern som “... en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden" - "om brennbare problemer i kultur og samfunn".
Bernt tala også 300 minuttar om europeisk fascisme ved UiB hausten 2018, ei førelesing som vart direktesendt på nrk2 som Frank Aarebrots minneførelesing.
Om Partnerforum
Partnerforum er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og statlege verksemder. Vi er 25 partnarar som samarbeider om å lage arrangement om tema som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rom. Partnerforum lagar årleg ca. 12 fellesarrangement og eitt seminar for kvar partnar.