LING1101 – Fonetikk, fonologi og morfologi 1

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Elementær innføring i det vitskaplege studiet av språklydar frå ein allmennspråkleg og einskildspråkleg synsstad og i det vitskaplege studiet av dei ulike måtane som ordbøying og orddanning skjer på i språka i verda.

Dette grunnemnet er eit kunnskaps- og ferdigheitsemne med sluttvurdering.

Kva lærer du?

Kurset har to delar:

  • Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om artikulatorisk og akustisk analyse av språklydar. Dei skal lære å bruke transkripsjonssystemet til The International Phonetic Association (IPA). Dei skal tileigne seg kunnskap om fonologisk teori, og lære å bruke denne kunnskapen i fonologisk analyse.
  • Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om morfologisk teori, og lære å bruke denne kunnskapen i morfologisk analyse.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Det er ein føremon om studenten har teke EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitenskap

Undervisning

Det er 20 dobbelttimar undervising med nokre avbrot i løpet av semesteret på dette grunnemnet.

På fonetikkundervisninga (fem dobbelttimar) er det obligatorisk frammøte for å få ta eksamen. Meir enn ein dobbelttime fråver blir ikkje akseptert.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Det er éi kvalifiseringsoppgåve, som kan handle om fonologi og/eller morfologi. Oppgåvesvaret må vere godkjent. Det er éi 3-dagars heimeoppgåve, som kan handle om fonologi og/eller morfologi. Det er munnleg eksamen i fonetikk. Heimeoppgåva og den munnlege eksamenen tel 50 % kvar.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk emnerapport høst 2006

Anna

Minimum 5 studentar. Studenter tekne opp til eit studieprogram der emnet inngår, blir prioriterte.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Haust 2008

Emnet undervises siste gang høsten 2008 for de studentene som allerede har påbegynt 40- eller 80-grupper og som har tatt LING1102 tidligere.

Eksamen

Same semester som emnet vert undervist.

Undervisningsspråk
Norsk