Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Metaforar er ikkje primært eit skjønnlitterært hjelpemiddel, men ein sentral reiskap i menneska sin måte å tenkje på, og språket er den viktigaste nøkkelen til studiet av den metaforiske tenkjemåten, som mellom anna inneber at menneska lagar seg mentale modellar av det ukjende og det abstrakte på bakgrunn av det kjende og det konkrete. Kurset er ei innføring i det lingvistiske studiet av metaforar, med hovudvekt på kognitiv metaforteori – der skiljet mellom metaforen (eit mentalt fenomen) og det metaforiske uttrykket (eit språkleg fenomen) står sentralt) – og bruken av denne teorien i lingvistisk og litterær analyse.

Kva lærer du?

Studentane skal få grunnleggjande kunnskapar om det lingvistiske studiet av metaforar, og dei skal lære å bruke desse kunnskapane i analyse av språkleg materiale.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot LING1110

Undervisning

3 timars undervisning i veka, med einskilde pausar.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Studentane får ei obligatorisk oppgåve som må godkjennast for at studenten skal få avleggja avsluttande eksamen som består av ei 3-dagars heimeoppgåve.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Anna

Maksimum 20 studentar, minimum 5. Studentar tekne opp til eit studieprogram der modulen inngår blir prioriterte.

Obligatorisk erklæring vedrørende fusk skal leveres med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgaver og eksamensbesvarelser:

Obligatorisk erklæring bokmål
Obligatorisk erklæring nynorsk

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Vår 2009
Eksamen

Same semester som undervisninga.

Undervisningsspråk
Norsk