LING4223 – Germansk og indoeuropeisk språkvitskap
Skildring av emne
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Norsk og dei andre nordiske språka høyrer til den germanske språkfamilien. Denne språkfamilien er sett saman av nordgermansk (dei nordiske språka), vestgermansk (t.d. engelsk, tysk, nederlandsk) og austgermansk (gotisk, no utdøydd). Dette emnet skal sjå nærare på kva som kjenneteiknar desse tre greinene av germansk og kva som skil dei frå kvarandre. Den germanske språkfamilien er ei av mange greiner i den indoeuropeiske språkfamilien, saman med til dømes romansk, keltisk, baltisk, slavisk, gresk og indo-iranske språk. Emnet skal sjå på grunndraga i den indoeuropeiske språkfamilien, og på kva som kjenneteiknar den germanske språkgreina andsynes dei andre indoeuropeiske språkgreinene.
Kva lærer du?
Når du har gjennomført dette emnet, kan du
- gjera greie for grunndraga i den indoeuropeiske språkfamilien
- gjera greie for kva som kjenneteiknar den germanske språkgreina av indoeuropeisk
- gjera greie for kva som skil dei tre hovudgreinene i den germanske språkfamilien frå kvarandre
- kjenna att sentrale språkdrag i gamle germanske tekster
Opptak til emnet
For å få opptak til dette emnet må du vere tatt opp til eit masterprogram ved Det humanistiske fakultet.
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.
Tilrådde forkunnskapar
Studentane bør ha kjennskap til grunnleggjande grammatikk og sentrale språkvitskaplege termar, anten frå andre innføringsemne i språkvitskap, eller gjennom eigen kunnskap.
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med LING2223 – Germansk og indoeuropeisk språkvitskap.
- 10 studiepoeng overlapp med NOR2123 – Germansk og indoeuropeisk språkvitskap (videreført).
- 10 studiepoeng overlapp med NOR4123 – Germansk og indoeuropeisk språkvitskap (videreført).
Undervisning
14 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning med tekstlesing. Førelesaren skal godkjenna ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve før eksamen.
Eksamen
Semesteroppgåve
Eksamensspråk
Eksamensoppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål), eit anna skandinavisk språk, tysk eller engelsk.
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.
Sist henta frå FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 10:04:13