NOR4123 – Germansk og indoeuropeisk språkvitskap

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Norsk og dei andre nordiske språka høyrer til den germanske språkfamilien. Denne språkfamilien er sett saman av nordgermansk (dei nordiske språka), vestgermansk (t.d. engelsk, tysk, nederlandsk) og austgermansk (gotisk, no utdøydd). Dette emnet skal sjå nærare på kva som kjenneteiknar desse tre greinene av germansk og kva som skil dei frå kvarandre. Den germanske språkfamilien er ei av mange greiner i den indoeuropeiske språkfamilien, saman med til dømes romansk, keltisk, baltisk, slavisk, gresk og indo-iranske språk. Emnet skal sjå på grunndraga i den indoeuropeiske språkfamilien, og på kva som kjenneteiknar den germanske språkgreina andsynes dei andre indoeuropeiske språkgreinene.

Kva lærer du?

Når du har gjennomført dette emnet, kan du

  • gjera greie for grunndraga i den indoeuropeiske språkfamilien
  • gjera greie for kva som kjenneteiknar den germanske språkgreina av indoeuropeisk
  • gjera greie for kva som skil dei tre hovudgreinene i den germanske språkfamilien frå kvarandre
  • kjenna att sentrale språkdrag i gamle germanske tekster

Opptak til emnet

For å få opptak til dette emnet må du vere tatt opp som programstudent på eit av desse studieprogramma:

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Studentane bør ha kjennskap til grunnleggjande grammatikk og sentrale språkvitskaplege termar, anten frå andre innføringsemne i språkvitskap, eller gjennom eigen kunnskap.

Overlappande emne

Undervisning

14 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning med tekstlesing. Førelesaren skal godkjenna ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve før eksamen.

Godkjende kvalifiseringsoppgåver er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning.

Eksamen

Semesteroppgåve

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva skal skrivast på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 6. nov. 2026 04:59:42

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust

Undervisning tilbys siste gang haust 2023

Eksamen
Haust .

Eksamen tilbys siste gang haust 2023

Undervisningsspråk
Norsk