NOR2101 – Norsk språkhistorie

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet tek føre seg viktige endringar i det norske målet frå urnordisk tid og fram til moderne norsk i både syntaks, morfologi og fonologi. Det blir gjort greie for korleis norsk skil seg frå og liknar på andre nærskylde mål i Nord-Europa. Emnet går igjennom språkhistoriske tekster med døme på desse språkendringane, og det vert gjeve døme på prinsipp og teoriar om språkendring.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne

  • gjera greie for viktige endringar i det norske målet
  • gjera greie for nokre prinsipp og teoriar om språkendring
  • kjenna att viktige språkendringar i historiske tekster

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Overlappande emne

Undervisning

28 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning med tekstlesing. Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei heimeeksamen på tre dagar

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål) eller eit anna skandinavisk språk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 14. okt. 2026 21:39:26

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår
Eksamen
Vår
Undervisningsspråk
Norsk