NOR4103 – Norsk språkhistorie

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet tek føre seg viktige endringar i det norske målet frå urnordisk tid og fram til moderne norsk i både syntaks, morfologi og fonologi. Det blir gjort greie for korleis norsk skil seg frå og liknar på andre nærskylde mål i Nord-Europa. Emnet går igjennom språkhistoriske tekster med døme på desse språkendringane, og det vert gjeve døme på prinsipp og teoriar om språkendring.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne

  • gjera greie for viktige endringar i det norske målet
  • gjera greie for nokre prinsipp og teoriar om språkendring
  • kjenna att viktige språkendringar i historiske tekster

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak til emnet

For å få opptak til dette emnet må du vere tatt opp som programstudent på eit av desse studieprogramma:

Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisinga og melda seg til eksamen i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.

Overlappande emne

Undervisning

28 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning tekstlesing.

Du må gjennomføra to obligatoriske aktivitetar for å kunna levera eksamen:

  1. Problemstillinga for oppgåva må avklarast med og godkjennast av faglærar.
  2. Du må også delta i ein obligatorisk rettleiingstime.

Dei obligatoriske oppgåvane er berre gyldig det semesteret dei vert godkjend.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23.000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett dato i slutten av semesteret.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål) eller eit anna skandinavisk språk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 5. nov. 2026 22:27:44

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning

Vår 2026

Eksamen
Vår og haust
Undervisningsspråk
Norsk