NOR4173 – Fordjupingsemne i nordisk språkvitskap: språkhistorie og språkendring

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Det faglege temaet på dette emnet skifter frå semester til semester, men sams for alle er at det gjev studentane høve til å fordjupa seg i avgrensa spørsmål innanfor språkhistorisk teori og språkendringsteori med fokus på dei nordiske språka.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunna:

  • ha innsikt i språkhistorisk teori og språkendringsteori innanfor eit avgrensa område
  • kjenna til forskingslitteratur og aktuelle forskingsspørsmål innanfor eit avgrensa område
  • ta stilling til konkrete forskingshypotesar
  • ytra seg sjølvstendig om aktuelle forskingsspørsmål

Opptak til emnet

For å få opptak til dette emnet må du vere tatt opp som programstudent på eit av desse studieprogramma:

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

NOR2101 – Norsk språkhistorie eller

NOR4103 – Norsk språkhistorie eller

LING2108 – Språkendring

Studentar som ikkje har teke eit av desse emna bør ha kunnskap tilsvarande det som er på pensum om språkhistorie og språkendring på NOR2101, anten gjennom tidlegare kunnskap eller ved å lesa dette pensumet før emnet byrjar.

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 14 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning.

Ei kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Kvalifiseringsoppgåva er berre gyldig det semesteret den vert godkjend.

Eksamen

Eksamen er ein munnleg eksamen i slutten av semesteret.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamenen på norsk, svensk eller dansk.

Karakterskala

Emnet bruker karakterskala fra A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 10:15:05

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår og haust
Eksamen
Vår og haust
Undervisningsspråk
Norsk