NOR4310 – Nordisk, særleg norsk, barne- og ungdomslitteratur 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet omfattar eit representativt utval tekstar frå norsk, til dels også nordisk og annan barne- og ungdomslitteratur. Det omfattar også eit fordjupingsstudium innanfor eit nærare definert område. Teoridelen viser eigenarten til barne- og ungdomslitteraturen, både historisk, estetisk og kommunikativt.

Pensum omfattar 14–15 verk frå barne- og ungdomslitteraturen. I tillegg legg studentane opp teori og sekundærlitteratur, tilsaman ca. 350 sider. Dei litterære verka skal lesast på originalspråket. Verk av svenske og danske forfattarar lesast følgjeleg på svensk og dansk, ikkje i norsk oversetting.

Framlegg til pensum finn ein på semestersida for kvart semester.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • dokumentere inngåande kjennskap til viktige sider ved norsk, til dels også annan nordisk og utanom-nordisk barne- og ungdomslitteraturtradisjon.
  • analysere barnelitterære tekstar estetisk og kommunikativt i ein sjangerhistorisk kontekst
  • vise høg kompetanse innanfor eit nærmare definert område knytt til det barnelitterære fagfeltet
  • analysere barnelitterære tekstar inngåande på bakgrunn av denne spesialkompetansen

Endelig karakter viser i hvilken grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisinga og melda seg til eksamen i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.

Det tas forbehold om tilstrekkelig antall påmeldte studenter (minst 5) for at emnet skal gå som planlagt.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Emnet krev god kjennskap til litteraturvitskapleg metode, særleg analysemetode i arbeid med tekster.

Undervisning

Seminar med totalt 28 undervisningstimar . Undervisninga er felles med NOR2310 – Nordisk, særleg norsk, barne- og ungdomslitteratur 2. Studentane legg fram éi kvalifiseringsoppgåve på ca 5 sider (à 2300 teikn), skriftleg eller munnleg, undervegs i seminaret. Oppgåva må vere godkjende av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Undervisningen er lukket og forbeholdt studenter med opptak på emnet.

Eksamen

Eksamen består av ei semesteroppgåve på ca. 10 sider (à 2300 teikn). Tema for semesteroppgåva tar utgangspunkt i pensum og blir fastsett av student og faglærar i samarbeid, seinast midt i semesteret. Oppgåva skal leverast innan fastsett dato i slutten av semesteret.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva er på norsk. Du kan svare på norsk, svensk eller dansk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Kvar vår

Eksamen

Kvar vår

Undervisningsspråk

Norsk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)