NOR2310 – Nordisk, særleg norsk, barne- og ungdomslitteratur 2
Timeplan, pensum og eksamensdato
Velg semester
Kort om emnet
Emnet omfattar eit representativt utval tekstar frå norsk, til dels også nordisk og annan barne- og ungdomslitteratur. Det omfattar også eit fordjupingsstudium innanfor eit nærare definert område. Teoridelen viser eigenarten til barne- og ungdomslitteraturen, historisk, estetisk og kommunikativt.
Pensum omfattar 12–13 verk frå barne- og ungdomslitteraturen. I tillegg legg studentane opp teori og sekundærlitteratur, til saman ca. 250 sider. Dei litterære verka skal lesast på originalspråket. Verk av svenske og danske forfattarar lesast følgjeleg på svensk og dansk, ikkje i norsk oversetting. Framlegg til pensum finn ein på semestersida for kvart semester.
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- dokumentere inngåande kjennskap til viktige sider ved norsk, til dels også annan nordisk og utanom-nordisk barne- og ungdomslitteraturtradisjon.
- analysere barnelitterære tekstar estetisk og kommunikativt i ein sjangerhistorisk kontekst
- vise kompetanse innanfor eit nærmare definert område knytt til det barnelitterære fagfeltet
- analysere barnelitterære tekstar tilfredsstillande på bakgrunn
av denne spesialkompetansen
Endelig karakter viser i hvilken grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Det tas forbehold om tilstrekkelig antall påmeldte studenter (minst 5) for at emnet skal gå som planlagt.
Forkunnskapar
Anbefalte forkunnskapar
Overlappande emne
10 studiepoeng overlapp mot NOR4310 – Nordisk, særleg norsk, barne- og ungdomslitteratur 2
Studentar som har tatt NOR2310 – Nordisk, særleg norsk, barne- og ungdomslitteratur 2 i bachelorstudiet, kan ikkje ta NOR4310 – Nordisk, særleg norsk, barne- og ungdomslitteratur 2 i masterstudiet.
Undervisning
Seminar med totalt 28 undervisningstimar. Undervisninga er felles for bachelor- og masternivå. Studentane legg fram éi kvalifiseringsoppgåve på ca. 12.000 teikn utan mellomrom (5 sider), skriftleg eller munnleg, undervegs i seminaret. Oppgåva må vere godkjende av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Undervisninga er lukka og reservert studentar med opptak på emnet.
Eksamen
Eksamen består av en 3-dagers heimeeksamen på ca. 8 sider (à 2300 utan mellomrom) i slutten av semesteret.
Kjeldebruk og referansar
Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.
Eksamensspråk
Du kan svare på eksamenen på norsk, svensk eller dansk. Søknad om anna eksamensspråk sender du til kontaktpunktet for emnet.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.
Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.