NORINT2115 – Dialektar, nynorsk og språkhistorie i eit framandspråksperspektiv

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Dette er eit ferdigheits- og kunnskapsemne retta mot internasjonale og minoritetsspråklege studentar som ynskjer å få meir kunnskap om det norske språklandskapet. Emnet gir ei innføring i norske dialektar, norsk språkhistorie og nynorsk som både kulturarv og bruksspråk. I studiet legg ein vekt på at studentane skal få eit oversyn over den norske språksituasjonen før og no.

Kva lærer du?

Studentane skal ved fullført emne ha kunnskap om hovudpunkt i dialektologien. Dei skal arbeida praktisk med målprøvar og kunna kjenna igjen dei fire hovudgruppene som norske dialektar vert delt inn i. Studentane skal ha god innsikt i norske talemål og talemålsvariasjon og oversikt over den historiske og politiske bakgrunnen for dagens situasjon. Kunnskapen om norske talemål skal dei kunna overføra til heimlege forhold.

Studentane skal vidare kjenna til hovudtrekk i norsk språkhistorie og ha kunnskap om nynorsken sin plass i Noreg i dag. Dei skal kunna lesa og forstå nynorske tekstar i ulike sjangrar frå bloggar og aviser til fagartiklar og kortare litterære tekstar. Studentane skal få innsikt i det nynorske ordtilfanget og i grunnleggjande grammatiske trekk i det nynorske språket og kunna bruka denne kompetansen til å skriva eigne tekstar på nynorsk.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen obligatoriske forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

Anbefalte forkunnskapar

NORINT0130 – Norsk for internasjonale studenter, trinn 3 eller tilsvarende med karakter C eller bedre, både muntlig og skriftlig.

Undervisning

Undervisninga utgjer tre timar seminarundervisning i veka i 14 veker. Praktiske skriftlege øvingar i undervisinga er ein obligatorisk del av emnet.

I tillegg er det krav om ei kvalifiseringsoppgåve til kvart av dei to hovudtemaa, dialektkunnskap og nynorsk. Kvalifiseringsoppgåva for dialektkunnskap skal gjennomførast munnleg i grupper. Kvalifiseringsoppgåva for nynorskdelen er individuell og inneber ein skriftleg aktivitet. Begge kvalifiseringsoppgåvene skal vera godkjende av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Det er obligatorisk oppmøte på minst 75 prosent for å verta godkjend for eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Heimeeksamen på omlag 4-5 sider.

Sensorrettleiing

Sensorrettleiing vår 2019

Innlevering i Inspera

Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving må du gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva vert gjeven på nynorsk, og du skal svare på eksamenen på nynorsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Anna

Inngår i emnegruppe 40-gruppe – Norsk for internasjonale studenter (40NORINT)

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar vår

Eksamen

Kvar vår

Undervisningsspråk

Norsk