RETKOM4109 – Skriftkultur i ei digital tid
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Kva lærer du?
Når du har gjennomført dette emnet, kan du:
- analysere tekstkompetansen og tekststrategiane som ligg i og blir brukt i ulike delar av samfunnet
- bedømme korleis skriftkultur, medium og teknologi heng saman
- gå inn i ulike punktstudium og finne fram til relevante faktorar for å undersøkje eit forskingsspørsmål
- gjere undersøkingar knytt til ei problemstilling, hente inn og strukturere informasjon og presentere han med argument og på ein overtydande måte
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Emnet kan tas av studenter på Nordiske studier (master) og Lektorprogrammet (master). Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.
Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.
Undervisning
Det blir gitt 20 timar undervising fordelt på 10 seminar.
Det er 3-5 obligatoriske aktivitetar knytt til emnet. Desse er både skriftlege og munnlege og krava blir gjort greie for i starten av kvart semester. Dei obligatoriske aktivitetane må gjennomførast for å kvalifisere til å ta eksamen.
Eksamen
Eksamen er prøveforelesing.
Kandidatane som har kvalifisert seg til eksamen (sjå obligatorisk aktivitet ovanfor) får utlevert eit tema knytt til pensum og læringsmåla på emnet, to veker før eksamen.
Eksamen blir gjennomført som ein konferanse. Kandidatane skal utarbeide og framføre eit akademisk foredrag (konferanseinnlegg) på 20 minutt. Etter foredraget er det 10 minutt til spørsmål frå publikum og sensorane.
Eksamensspråk
Karakterskala
Høve til ny eller utsett eksamen
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.