OD8052 – Immunologi
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Dette er eit fakultetsbasert emne. Emnet går annankvar haust i dei semestra der det ikkje er kjernepensum (oddetalsår).
Sjå studieretninga di under Oppbygging og gjennomføring for informasjon om emnet er obligatorisk eller valfritt for deg.
Kva lærer du?
Kurset vil gi ei innføring/oppfrisking i basalimmunologiske emne. Dette inkluderer medfødd immunitet, utvikling av adaptiv immunitet, immunregulering i slimhinnene, og immunologiske sjukdommar. Forelesingar blir baserte både på lærebøker og på foredrag av forskarar ved UiO og OUS.
Pensum blir henta frå IMMU: Lærebok i immunologi av Jens Vikse (ISBN: 9788215037240) med tilhøyrande videoanimasjoner.
Læringsmål
Kunnskapar:
Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg
- god oversikt over oppbygginga til immunforsvaret og funksjonen
- grunnleggjande forståing av nokre av dei mest sentrale prinsippa i faget
- innsikt i vanlege immunologiske laboratorieteknikar
- innsikt i mekanismar ved kronisk inflammatoriske tilstandar
- forståing av ny og målretta immunologisk behandling
Opptak til emnet
Undervisning
Arbeidsform: Forelesningar, seminar.
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.