OD8055 – Gerodontologi
Kort om emnet
Dette er eit fakultetsbasert emne. Emnet går annankvar vår i dei semestra der det ikkje er kjernepensum (partalsår).
Sjå studieretninga di under Oppbygging og gjennomføring for informasjon om emnet er obligatorisk eller valfritt for deg.
Kva lærer du?
Etter kurset skal kandidatane vera i stand til å identifisera den sårbare eldre pasienten og kunne behandla denne på forsvarleg vis. Det inneber å gjera ei vurdering av gradert ambisjonsnivå ved hjelp av mellom anna ASA-klassifisering, ADL-funksjon, kognitiv status og samtykkekompetanse. Kandidatane skal ha kjennskap til dei viktigaste sjukdommane som gir kognitivt eller funksjonelt funksjonstap hos eldre, og dessutan korleis dette vil påverka oral helse, gjennomføring og oppfølging av tannbehandling.
Læringsmål
KUNNSKAPAR
Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar om
- identifikasjon og handtering av den sårbare eldre pasienten
- dei vanlegaste sjukdommane hos sjukeheimspasientar, som demens, slag, kreft og parkinson etc.
- vurdering av ambisjonsnivå og behov for tannbehandling i dei siste fasar til livet
- vurdering av samtykkekompetanse og evne til oppfølging av oral helse og tannbehandling
Opptak til emnet
Undervisning
Arbeidsform: Forelesningar og klinisk praksis.
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.