English version of this page

Betal semesteravgift, Kopinor-avgift og SAIH-tiarar kvart semester

Fristar

  • Haust: 1. september
  • Vår: 1. februar

Betalingsinfo i Studentweb

  • Du opprettar faktura og finn betalingsopplysningar, dvs. kontonummer, KID-nummer og beløpet du skal betale, i Studentweb frå tidleg i desember/juni.
  • Nye studentar på studieprogram, ikkje opprett faktura før tidlegast 1. august.
  • Du betaler på same viset som du til vanleg betaler rekningar i banken din.

Beløpa 

  • Semesteravgift til Studentsamskipnaden SiO, kr 690
  • Kopinor-avgift til UiO, kr 220 (kr 110 for studentar på eit definert deltidsstudium på 50 % eller mindre). Avgifta bidrar til å dekke nokre av UiO sine utgifter til Kopinor for bruk av opphavsrettsleg beskytta materiale til studentane.
  • SAIH-tiarane, kr 60. Dersom du ikkje vil støtte SAIH kan du trekkje frå kr 60 på fakturabeløpet. Har du betalt og ønsker refusjon, må du fylle ut SAIHs refusjonsskjema.

Meir om Kopinor-avgifta og Kopinor-avtalen

Alle aktive studentar må betale Kopinor-avgifta, sjølv om du til dømes reiser på utveksling frå UiO.

Betaler du semesteravgifta til fleire studiestadar? Kopinor-avgifta må betalast til UiO saman med semesteravgifta sjølv om du også betaler semesteravgift og Kopinor-avgift til ein annan institusjon.

Er du Enkeltemnestudent? Krav om Kopinor-avgifta, kr 110, blir først synleg i Studentweb tidleg i februar for vårsemesteret og tidleg i september for haustsemesteret. Du får e-post når du kan betala.

Det er forskjell på å betale Kopinor-avgifta og å kjøpe utskrifter.

Bruk og deling av undervisningsmateriale

Gjennom Kopinor-avtalen har studentar og tilsette ein avgrensa rett til å ta papirkopiar, utskrifter og digitale kopiar frå gitt ut materiale, utan å måtta innhenta løyve frå rettshavarane. Les meir om kva dette tydar for deg som student på UiOs nettside.

Når du

Når du har betalt semesteravgifta til SiO via UiO kan du bruke SiO sine velferdstilbod

Andre spørsmål?

Kontakt Knutepunktet

Publisert 6. juni 2011 15:56 - Sist endra 28. nov. 2025 15:49