Rapportere ei IT-sikkerheitshending
Alle IT-sikkerheitshendingar kan rapporterast i e-post eller via telefon. Vi føretrekkjer rapporteringa på e-post. Sjå UiO-CERT sin kontaktinformasjon.
Kva er ei IT-sikkerheitshending?
Les om korleis du kan kjenne igjen ei sikkerheitshending som skal rapporterast.
Korleis rapportere?
Når du skal rapportere ei IT-sikkerheitshending, er det viktig å få med så mykje data som mogleg frå starten av.
Dette bør vere med:
- din kontaktinformasjon: minimum e-postadressa og telefonnummeret ditt. Er du til tider utilgjengeleg ynskjer vi at du oppgjev ein alternativ kontaktperson som vi kan kontakte.
- fakultet/institutt/avdeling/anna du høyrer til
- kva for relasjon har du til din lokale IT-organisasjon? Er du ein del av den?
- kor mange personar og maskinar du trur kan vera involvert
- relevant: operativsystem som er involvert (Windows/unix/macOS/fleire)
- skildring av aktiviteten du skal rapportere (innbrot/virus/brot på konfidensialitet/anna)
Publisert 18. feb. 2011 09:45
- Sist endret 28. mars 2019 12:51