Frokostseminar om dagens internasjonale politiske situasjon: Bryt den liberale verdsorden saman?

Kva for politiske, økonomiske og militære utfordringar står vi overfor? Både statlege og ikkje-statlege aktørar tek i bruk nye makt- og påverknadsmidler som krev politisk, økonomisk og militær innsikt. Det er eit auka behov for ei heilhetleg analyse av politisk risiko.  

 

Program

08.00 Registering og frukostservering
08:30 Velkommen ved Partnerforum sitt  sekretariat
 

Væpna konflikter i endring

  Sverre Diesen, general og tidligare forsvarssjef
  Europas nye utfordringar – migrasjonskrise, Brexit og re-nasjonalisering
  Janne Haaland Matlary, professor i statsvitenskap, UiO
  Nye handelskonflikter mens EU sine fellesinstitusjonar er under press
  Ola Storeng, økonomiredaktør, Aftenposten
  Geopolitikk og endra vilkår for regional og statleg stabilitet
  Øyvind Østerud, professor i statsvitenskap, UiO
  Diskusjon med innspel frå salen
  Diskusjonsleiar: Ola Storeng
Slutt 10:30  

Med atterhald om endringar i programmet

Program (pdf)

 

Påmelding

Gratis inngang. Hugs å ta med ID-kort for passering av sperra til lokalet.

Påmelding partnere

Påmelding eksterne

 

Om bakgrunnen for seminaret

Partnerforum inviterer til strategiseminar i samarbeid med Institutt for statsvitenskap. Det er behov for å forstå politisk dynamikk og trender som pregar marknad og politikk. På få år er verda sterkt forandra fra ein antatt ‘win-win’ globalisering av marknadsøkonomi og demokrati til ein ustabil og risikofylt situasjon prega av rivalisering mellom stormakter, svekking av vestleg makt, krig og konflikt i Europa sine randområder, global terror og cyberangrep. Klimautfordringa er på veg opp på dagsordenen. Valet av Donald Trump som amerikansk president betyr større global usikkerheit både økonomisk og sikkerhetspolitisk. Samstundes er verdsøkonomien i sterk endring, og den globale orden som blei etablert i 1945, under press. Asia leda an av Kina og India er i ferd med å bli eit nytt globalt tyngdepunkt. Slike tyngdeforskyvningar har i tidligare historiske epoker ført til ein defensiv holdning frå tidligare dominerande makter, mens makter i fremgang gjør krav på sterkere innflytelse.

Til forskjell frå før er stater og selskaper i dag ekstremt sårbare overfor kvarandre fordi dei er så tett knytt saman. Difor er det viktig at ein forstår dei politiske dynamikkane og trender som vil prege både marknad og politikk framover. Næringslivet er sjølv ekspert på marknadsrisiko, men manglar ofte kompetanse på politisk risiko. Vår erfaring er at det er behov for ei heilhetleg analyse av politisk risiko fordi politiske konflikter stadig blir meir komplekse, både mellom og innan stater. Både statlege og ikkje-statlege aktørar tek i bruk nye makt- og påverkningsmidler som krev både politisk, økonomisk og militær innsikt å analysere og forstå.

 

Om innleiarane

 

Sverre DiesenSverre Diesen er general og tidlegare forsvarssjef (2005-2009) og utdanna sivilingeniør fra NTNU.  Han er no forskar ved Forsvarets Forskningsinstitutt og arbeider spesielt med spørsmål knytta til cyberkrigføring og langsiktige framtidsanalyser.

 

Janne Haaland MatlaryJanne Haaland Matlary er professor ved institutt for statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, med faglege interesser innan mellom anna sikkerheit- og forsvarspolitikk, EU og internasjonal politikk. 

 

 

 

Ola StorengOla Storeng har vore tilsett i Aftenposten frå 1999 og var økonomiredaktør i perioden 2001-2017. Tidlegare var han avdelingsdirektør og leiar for seksjonane for pengepolitikk og internasjonal økonomi i Finansdepartementet, og har arbeida i Verdsbanken i Washington, ved Norges Delegasjon til OECD i Paris og i Olje-og energidepartementet.

 

Øyvind ØsterudØyvind Østerud er professor i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, og har si doktorgrad fra The London School of Economics. Han leia Makt- og demokratiutredningen 1998-2003 og var preses i Det Norske Videnskaps-Akademi 2009-11.

 

Publisert 29. jan. 2018 10:51 - Sist endra 12. des. 2018 18:12