NOR2310 – Nordisk, særleg norsk, barne- og ungdomslitteratur 2

Kort om emnet

Emnet omfattar eit representativt utval tekstar frå norsk, til dels også nordisk og annan barne- og ungdomslitteratur. Det omfattar også eit fordjupingsstudium innanfor eit nærare definert område. Teoridelen viser eigenarten til barne- og ungdomslitteraturen, historisk, estetisk og kommunikativt.

Pensum omfattar 12-13 verk frå barne- og ungdomslitteraturen. I tillegg legg studentane opp teori og sekundærlitteratur, til saman ca. 250 sider. Dei litterære verka skal lesast på originalspråket. Verk av svenske og danske forfattarar lesast følgjeleg på svensk og dansk, ikkje i norsk oversetting. Framlegg til pensum finn ein på semestersida for kvart semester.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • dokumentere inngåande kjennskap til viktige sider ved norsk, til dels også annan nordisk og utanom-nordisk barne- og ungdomslitteraturtradisjon.
  • analysere barnelitterære tekstar estetisk og kommunikativt i ein sjangerhistorisk kontekst
  • vise kompetanse innanfor eit nærmare definert område knytt til det barnelitterære fagfeltet
  • analysere barnelitterære tekstar tilfredsstillande på bakgrunn

    av denne spesialkompetansen

Endelig karakter viser i hvilken grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Det tas forbehold om tilstrekkelig antall påmeldte studenter (minst 5) for at emnet skal gå som planlagt.

NOR1302 – Nordisk barne- og ungdomslitteratur 1

NOR2310 er et fordypningsemne i barne- og ungdomslitteratur, særlig norsk. Det forutsettes derfor at studentene på emnet kjenner til faglitteraturen og sentrale modeller og begreper fra emnet NOR1302.

Overlappande emne

Undervisning

Seminar med totalt 28 undervisningstimar. Undervisninga er felles for bachelor- og masternivå. Studentane legg fram éi kvalifiseringsoppgåve på ca. 12.000 teikn utan mellomrom (5 sider), skriftleg eller munnleg, undervegs i seminaret. Oppgåva må vere godkjende av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Undervisninga er lukka og reservert studentar med opptak på emnet.

Eksamen

Eksamen består av en 3-dagers heimeeksamen på ca. 8 sider (à 2300 utan mellomrom) i slutten av semesteret.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamenen på norsk, svensk eller dansk. Søknad om anna eksamensspråk sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 10. mai 2024 22:27:20

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår
Eksamen
Vår
Undervisningsspråk
Norsk