NOR4100 – Vitskapsteori og metode i nordisk, særleg norsk, språkvitskap

Kort om emnet

Emnet tek føre seg vitskapsteoretiske, metodologiske, faghistoriske og faglege grunnspørsmål i språkvitskap, med særskild vekt på nordisk, særleg norsk språkvitskap og norsk som andrespråk. Undervisningsspråket er norsk/skandinavisk.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for sentrale forskingstradisjonar innan nordisk språkvitskap og norsk som andrespråk
  • drøfte korleis desse tradisjonane er forma av ulike vitskapsfilosofiske og metodologiske synsmåtar
  • gjere greie for vitskapsomgrepet og korleis språkvitskapen høyrer inn under det
  • kunne arbeide vitskapleg med eit utval språklege og metodiske problemstillingar

Opptak til emnet

Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisinga og melda seg til eksamen i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.

Undervisning

2 timar forelesning i veka i 14 veker, inkludert leseveke, i alt 28 timar. Ei munnleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Eksamen

Eksamen er ei mappe som består av tre tekstar. 

Eksamen på dette emnet er digital og vil foregå i eksamenssystemet Inspera. Følg med på semestersiden (Timeplan, pensum og eksamensdato) for mer informasjon.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 24. mai 2024 00:28:54

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår
Eksamen
Vår
Undervisningsspråk
Norsk