Kort om emnet

Emnet gjev både ei innføring i ålmenn fonologisk teori og drøfter ymse fonologiske fenomen og fonologiske drag frå norsk og andre nordiske språk. Datamaterialet vert henta frå fleire talemål, og dei vert sette i samband med dei fonologiske systema i andre språk. Det vert lagt vinn på å forstå dei fonologiske fenomena innanfor eit større grammatisk system og innanfor eit teoretisk rammeverk. Emnet skal òg sjå nærare på korleis desse fenomena har oppstått i språket.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunna:

  • gjera greie for viktige drag ved det fonologiske systemet i det norske språket
  • sjå fonologiske drag ved norsk i samband med det fonologiske systemet i andre språk
  • skildra og gjera greie for fonologiske drag innanfor eit teoretisk rammeverk
  • gjera greie for korleis nye fonologiske drag har oppstått

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

NOR1100 – Norsk grammatikk eller

LING1111 eller

EXFAC03-NORD – Examen facultatum, nordiske studier eller

EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitenskap

Studentar som ikkje har teke eit av desse emna bør ha kunnskap tilsvarande det som er på pensum om fonetikk og fonologi på EXFAC03-NORD – Examen facultatum, nordiske studier eller EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitenskap, anten gjennom tidlegare kunnskap eller ved å lesa dette pensumet før emnet byrjar.

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 14 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning.

Ei kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Eksamen

Semesteroppgåve.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 24. mai 2024 04:43:33

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust

Emnet går uregelmessig

Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
Norsk