NOR4515 – Nynorsk med praksis for lektorstudentar

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Nynorsk er ein sentral del av norskfaget i norsk skule, og fleirtalet av elevane får opplæring i nynorsk, enten som hovud- eller sidemål. Emnet gir deg inngåande kunnskap om og ferdigheit i det nynorske skriftspråket og kjennskap til korleis du kan arbeide med nynorsk i klasserommet. Emnet femnar om det nynorske skriftspråket, den nynorske skriftkulturen, nynorskopplæringa i skulen, haldninga til nynorsk og språkstoda generelt i Noreg. Den litterære og retoriske krafta som ligg i nynorsken, får særleg fokus, og emnet gir godt kunnskapsgrunnlag for å drøfte ulike språkhaldningar.

Emnet inneheld 15 praksisdagar. Medan du er i praksis, får du mellom anna prøve ut ulike undervisningsopplegg og gi tilbakemeldingar på nynorske elevtekstar. Du skal også dele nye nynorskressursar eller drøfte haldningar til nynorsk med lærarkollegiet.

Kva lærer du?

Etter fullført emne har du tileigna deg:

kunnskapar om

  • nynorsk, både som skriftspråk og skriftkultur
  • korleis ein kan arbeide variert med nynorsk i klasserommet
  • korleis ein kan analysere, tolke og formidle nynorsk skjønnlitteratur og sakprosa
  • haldningar til språkleg variasjon med vekt på nynorsken si stilling
  • forsking på nynorskundervisning

ferdigheiter i å

  • skrive klår akademisk sakprosa på nynorsk i tråd med gjeldande skriftnormer
  • vurdere ulike nynorske tekstuttrykk og kvaliteten i språkføringa spesielt
  • gi fagleg relevant respons på nynorske elev- og studenttekstar og kritisk drøfte haldningar til nynorsk, både i skulen og i samfunnet elles
  • kritisk reflektere over målstoda i det fleirspråklege Noreg

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Emnet er berre ope for studentar på nordisk programspesialisering i Lektorprogrammet.

Obligatoriske forkunnskapar

Bestått PROF1015 - Profesjonsidentitet, læring og undervisning, PROF3025 - Ledelse av elevers læring og PROF4045 - Tilrettelegging for elevers læring

Overlappande emne

Undervisning

Emnet blir undervist saman med NOR4520 nynorsk for lektorstudentar (utan praksis).

Undervisninga er organisert i forelesingar og seminar.

Som ein del av praksisen i emnet er det obligatorisk å delta i minst 8 av 10 undervisningssamlingar. 

I seminara vil du arbeide med å utvikle eigen nynorskkompetanse, utvikle undervisningsopplegg og med faginnhaldet frå forelesingane.

Rundt rekna midt i semesteret er det sett av tre veker for å gjennomføre praksisdelen av emnet. Du får ein rettleiar ved praksisskulen, og saman finn de ut korleis du skal gjennomføre praksisen med utgangspunkt i definerte komponentar på praksiskortet. Viss det er ønskeleg og mogleg, kan du òg nytte noko av tida ved praksisskulen til å samle empiri til masteroppgåva.

Obligatoriske forhold i undervisninga:

Praksisrettleiaren skal godkjenne at praksisen ved praksisskulen er gjennomført i samsvar med praksiskortet. Seminarlæraren skal godkjenne at studenten har deltatt på dei pålagde seminara.

Studenten må også levere og få godkjend ei obligatorisk, skriftleg kvalifiseringsoppgåve. Kvalifiseringsoppgåva er samansett og har følgjande komponentar:

  1. Levere 1-2 sider førsteutkast på ei av mappeoppgåvene

  2. Gi tilbakemelding på førsteutkastet til ein medstudent, inkludert retting av nynorskfeil.

Alle delane av kvalifiseringsoppgåva skal skrivast på nynorsk.

Faglege krav for å kunne gå opp til eksamen

Studentar som har fått godkjend praksis og som har levert og fått godkjend kvalifiseringsoppgåva, har rett til å gå opp til eksamen. Praksisdelen og kvalifiseringsoppgåva får vurderinga godkjend/ikkje-godkjend.

Eksamen

Mappeeksamen med tre obligatoriske skriftlege heimearbeid, kvart på 3 sider, som skal skrivast i løpet av semesteret. Éin tekst vil få respons frå ein medstudent undervegs i semesteret, og det er tilbod om respons frå faglærar på dei to andre. Alle tekstane skal skrivast på nynorsk. Oppgåvene kjem på Canvas utover i semesteret.

Eksamensspråk

Nynorsk.

Kravet om nynorsk er uavhengig av eventuelle tidlegare fritak.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Høve til ny eller utsett eksamen

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 11. mai 2024 04:47:53

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust
Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
Norsk